A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

201602 Detaljregulering Fossanmoen/Fossanåna - melding om vedteken plan

Kommunestyret handsama den 13.06.2018, sak 046/18 reguleringsplan 201602 Detaljplan Fossanmoen / Fossanåna med følgande vedtak:


Forsand kommunestyre godkjenner i medhald av pbl § 5-6 og §12-12, meklingsresultatet og stadfester reguleringsplan 201401 masseuttak Hestamoen med dei endringane som kjem fram i reviderte og godkjende føresegner til planen.

  1. Kommunestyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 detaljregulering for      Fossanmoen / Fossanåna med følgjande endring i vedtektene § 3.1 Masseuttak, avsnsitt Driftsplan. Siste setning skal lyde " Avvik skal godkjennes av Forsand kommune og Direktoratet for mineralforvaltning».
  2. Eksisterande reguleringsplan for masseuttak på Fossanmoen gnr. 41, bnr. 3 og 26 vedteken 29.08.1991, sak 72/91 vert i medhald av plan- og bygningslova § 12-14 oppheva ved endeleg vedtak av ny plan i kommunestyret.
  3. Eksisterande reguleringsplan for masseuttak på Fossanmoen, del av bnr. 41, bnr. 28, vedteken i kommunestyret 16.03.2016, sak 019/16 vert i medhald av plan- og bygningslova § 12-14 oppheva ved endeleg vedtak av ny plan i kommunestyret.

Mottakarar som er registrert med e-post adresse får saksdokumenta vedlagt. Dei som mottar brev via post kan henta dei ut på kommunen si heimeside under:

«Politikk», «Planar, høringar og rapportar», «Arealplanar», «Vedtekne planar», «Detaljregulering Fossanmoen / Fossanåna».

 

Dette vedtaket kan påklagast (jfr, fvl. §28). Klagefristen er 3 veker frå de har fått melding om vedtaket.

Eventuelle klage sendest til Forsand kommune, Fossanvegen 380, 4110 Forsand eller E-pst: post@forsand.kommune.no

201602 Detaljregulering FossanmoenFossanåna - 2. gongs handsaming

Planbeskrivelse med konsekvensutredning for Fossanmoen - Fossanåna_rev 1

Planbestemmelser ForsandmoenVedteken plan, oppdatert tittelfelt

Planbestemmelser Forsandmoen

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett