Framsida     Seksjonar og tenester   |   Politikk   |   Postlister   |   Opningstider   |   Betalingssatsar   |   Kontakt oss   |   Søk   |   Viktige telefonnummer   |
Kontaktinformasjon
Forsand kommune
Kommunehuset
4110  Forsand
 
post@forsand.kommune.no
 
 
Telefon : 51 70 00 00
Faks : 51 70 00 02
Org.nr. : 939 347 801
Kommunenr. : 1129
_
Opningstid : Man-fre: 08:00 - 15:00
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Søk
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Informasjon om Svineinfluensa - Influensa A (H1N1) - vaksine
influensa_a.jpg

Vaksine mot Svineinfluensa - Influensa A (H1N1) starta for risikogrupper i veke 44/2009.    Forsand kommune har gitt eit tilbod om vaksine mot influensa til heile befolkninga frå veke 50/2009.

Heile befolkninga blir anbefalt å ta vaksine, unnateke gravide som er i dei 12 første vekene av svangerskapet og barn under 6 månader. Målet er at flest mogleg er vaksinert, slik at vi står betre rusta når ei ny influensabølgje startar i vinter/vår 2010. 

Spørsmål om eventuelle vaksineringsrisiko mot vaksineringsfordel, tidlegare vaksinekomplikasjonar, allergi, sprøyteskrekk, angst kan du tar opp med sjukepleiar eller legen.

Du kan ringe legekontoret på telefonnummer 51 700 340 for å avtale tid til vaksinering.

Smittevernlegen i Forsand anbefaler at alle tar imot tilbod om vaksine:

  • For å førebygge ein svært smittsam influensa A, (H1N1), som har relativ høg risiko for alvorleg sjukdom og død hos gravide og unge menneske (barn, ungdom, unge vaksne).                                             
  • For å få effektiv beskyttelse mot sjukdom i løpet av 14 dagar etter vaksinering.
  • For å få litt kryssbeskyttelse mot framtidige Influensa A virussjukdom. 
  • For å redusere smitte, varigheit av pandemitid, fare at Influensa A viruset endrar seg til ein meir alvorleg sjukdom enn i dag.

Vaksinen blir anbefalt til deg sjølv om du har hatt  typiske influensasymptom i 2009, med mindre du fekk påvist ny Influensa A virussjukdom. Dette fordi at berre 20-50% av prøvar ble positiv bekrefta med Influensa A type da pandemien var på sin største aktivitet i uke 46/2009. Vi reknar med at meir enn halvparten med typiske influensasymptom i uke 49/2009 berre hadde vanleg sesonginfluensa, slik at også desse blir tilbydt førebyggjande vaksine mot ny influensa A (H1N1).    

Smittevernlegen understrekar at spesiell barn, ungdom og unge vaksne bør vaksinera seg mot ny Influensa A. Det er dokumentert god effekt av Pandemrix-vaksina etter 14 dagar.  Risiko for å utvikle alvorleg sjukdom og død ved smitte med ny Influensa A er  mest hos yngre menneske. Rapporterte og dokumenterte biverknader etter vaksinering med Pandemrix er ikkje alvorlege.

I menyen til venstre under Svineinfluensa finner du meir informasjon om svineinfluensa.

Der vil du òg under på nettsidene pandemi.no   og Folkehelseinstituttet.no til einkvar tid finne oppdatert og utførleg informasjon om vaksinering og status for pandemien.

Vaksinasjonspriser på Forsand legekontor:

  • Pandemrix dose for alle  Kr                                          150,-
  • Sesonginfluensa for alle                                                150,-
  • Pandemrix dose  og  sesonginfluensa samtidig      250,-
  • Pandemrix dose 2 (berre for immunsupprimerte) 150,-
Publisert av Siw Kristin Sundheim. Ansvarleg Anja Ammicht. Sist endra 27.01.2010