Trekninga vil skje fredag 5. mars. Vinnerane vil bli kontakta, og lagt ut her på nettsida. Pris pr. lodd er kr. 50
OG HER HAR DU DINE VAL:
1. Forsands beste fiskesuppe med heimebakt gjærbakst til 15 personar ein gong du treng ein herleg middag til gjestene. Sylvi fikser!
2. Lyst på Selbuvottar? Siv strikker 4 par til deg. Vel fargar og størrelse sjølv, og ho gjer resten av arbeidet. Ikkje rusk!
3. Har du ein spesiell anledning? Eller ein vanlig dag? Minikonsert med Marianne og Hege i stova di?
4. Ei vakker dreidd skål i tre frå Siri
5. Gåvekort på EU-kontroll eller rekvisita, verdi kr. 600 frå Olav på Rettedal Bilkontroll
6. Lyst på ein visekveld eller noko slikt? Besøk av trubaduren Johannes som har med seg gitaren.
7. Ei stor Komlegryte opptil 12 personar frå Ruth når du treng det.
8. Har du ein kunstnar i magen eller ein annan plass?? Nå har du sjansen til å ta med dein ein ven og få 2 timar Akvarellkurs hos Wenche på Rite kunst!
9. Tur - Joggetur - Styrkeprøve? Med Ivan til Uburen i det tempo du vil! .
10. Vinn ein keramikkveld i verkstaden hos Solveig Larsen
11.Ein ridetur på Islandshest saman med Perly
12. Sykkeltur med Tor Reidar til Espedalen
13. Treng du hagehjelp? Gåvekort på Planting og/eller luking ein laurdag til våren med Hege og kanskje ein hageassistent?
14. Ta med 3 vener og kom på middag hos Solveig og Arild med herleg Thaimat på menyen.
15. 2. stk. gode kaker til ein gitt anledning frå Torhild
16. Hege kan spele for dykk. Det kan vere konfirmasjon, bryllaup, bursdag eller anna selskap. Ho kan ta med instrument om du ikkje har.
17. 100 herlege og heimelaga rundstykke frå Astrid.
18. Har du noko du vil ha sydd, eller sydd om, men ikkje er ven med symaskinen? Treng dokka kle kanskje? Det kan vere hjelp å få! Du har materialet og ideane. Kjellaug syr!
19. Eit nydeleg, stort foto på lerret med motiv frå Haukalivatnet i Forsand, av Perly og Mette. Motivet ser du ovanfor
20. Ikkje fortvil! Klippekort på 3 barnevakter av Siv.
Helsing kyrkjekontoret v/musikalsk leiar Hege