Jarle har opplevd store endringar i denne tida, både i bygda, samfunnet, og ikkje minst i eiga etat.
-Då eg byrja hadde me ikkje noko datasystem, blankettar blei fylte ut for hånd før dei blei sendt vidare. Arbeidsbyrden er blitt meir omfattande og krevjande, og kvardagen meir komplisert. Det har stadig vært prosessar med omstillingar som ikkje alltid har vore like greie å forhalde seg til.
Jarle har sett folk komme og gå, både brukarar og kolleger:
-Terje er fjerde rådmann i Forsand eg ser.
Jarle arbeidde fyrst i brakkane på utsida av gammelbanken, og flytta ned på kommunehuset då det vart ferdig i 1981.
-Forsand har utvikla seg veldig frå slutten av 70-talet. Innbyggjartalet har vokst med 30 %, me har fått nytt kommunehus, skulen har blitt utvida fleire gonger, me fekk eit flott kulturhus, og ikkje minst fekk me bru. Bygda har og fått tilflyttarar som har tatt med seg nye impulsar som har skapt dynamikk, og det er positivt.
-Kommuneadministrasjonen har og vokst kraftig, noko som sjølvsagt har samanheng med det stadig meir komplekse samfunn me lever i. Me har og fått fleire lokale arbeidsplassar som gjer at me klarer å halde på innbyggjarane. Velstanden blant folk felst har auka, og samfunnet har endra seg.
-Me hadde ei open dør for dei som trong hjelp, og brukarane visste at dei kunne få den bistanden dei hadde rett på sjølv med knappare ressursar enn det me har i dag.
Og det er ein glad gut som no takkar av på kommunehuset:
-Eg har trivst særs godt, både med arbeidet og med mine kolleger, slår han til slutt fast.