Framsida     Seksjonar og tenester   |   Politikk   |   Postlister   |   Opningstider   |   Betalingssatsar   |   Kontakt oss   |   Søk   |   Viktige telefonnummer   |
Kontaktinformasjon
Forsand kommune
Kommunehuset
4110  Forsand
 
post@forsand.kommune.no
 
 
Telefon : 51 70 00 00
Faks : 51 70 00 02
Org.nr. : 939 347 801
Kommunenr. : 1129
_
Opningstid : Man-fre: 08:00 - 15:00
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Søk
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Pilt Ola som vegvisar for Lysefjorden

Kulturkontoret har for sal eit nytt hefte

"Pilt-Ola som vegvisar for Lysefjorden".  

Vegvisaren kan kjøpast hos

Servicetorget på kommunehuset for kr 30,-.

Pilt OlaPilt Ola

Heftet innholder 27 sider med.

- kart

- tekst

- rikt illustrert med foto. 

Vegvisaren er ei lokalhistorisk reise langs heile Lysefjorden. 

Finnes både på

- norsk

- engelsk

- tysk 

Lysefjorden er mest kjend for dei høge fjella og dei stupbratte fjellsidene.  Her ligg Preikestolen og Kjerag som kjende turmål.  Folk som ferdast i båt kan sjå korleis tre og buskar klorar seg fast i fjellsidene.  Spreidd langs fjorden ligg små gardsbruk, der folk på mange måtar har livnært seg på same vis som buskane.   Her har ingen levd i overflod.

På ein av desse buplassane, Bakken gard, voks Pilt-Ola opp.  Som ung gut drog han frå fjorden og slo seg opp som handelsborgar i Stavanger.  Ole Olsen Songesand hadde eit uvanleg pågangsmot og samfunnsengasjement og ikkje minst eventyrlyst !

Den som ønske å bli betre kjent med Lysefjorden og gå i fotspora til Pilt-Ola kan i vegvisaren for Lysefjorden lesa meir om Pilt-Ola, livet ved fjorden og kor viktig fjorden har vore for vår velstandsutvikling. 

Lesa om koss isen har forma fjella.  Rovdyr og fugleliv og sjeldne planter i urørd natur.  Om dramatiske hendingar før det heile blir runda av med matrettar frå Lysefjorden saman med turforslag og at det no er bevist at det er muleg å gå rundt heile Lysefjorden på 24 timar.  Og sjølvsagt så har me med kjente turmål som Kjerag, Preikestolen, Flørli og Bakken gard.

Ansvarleg for vegvisaren er Pilt-Ola prosjektet, som er økonomisk finansiert av Ryfylkefondet, RUP/Rogaland fylkeskommune og Forsand kommune. 

På heimesida til Ole Olsen Songesand, vil dei som er meir interesserte kunne ausa av livet til Pilt-Ola.  Denne blir klar i løpet av sommaren.  

Norsk Pilt Ola hefteNorsk språklig
Pilt Ola hefte engelskEngelsk språklig
Pilt Ola hfte tyskTysk språklig hefte