Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer.
Adopsjonsprosessen er mellom anna avhengig av om du kjenner barnet på førehand eller ikkje.
Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte, er adopsjon av ukjent barn frå utlandet. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gir råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkjarane også vere registrerte som adoptivsøkjar til eit ukjent barn innanlands.
Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Eit barn kan bli adoptert av stefaren, stemora eller fosterforeldra.
Barne-, ungdoms- og familieetaten har godkjent tre norske formidlingsorganisasjonar som òg er godkjende i aktuelle utland. Det er
Ved innanlandsadopsjon er Bufetat ein aktuell samarbeidspartnar.
Norske styresmakter krev at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ein av dei tre adopsjonsorganisasjonane som er nemnde over. Du kan kontakte ein av dei for å få informasjon og teikne medlemskap. Stadfesting av at ein av desse har teke på seg å formidle adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgje søknaden, først til kommunen og så til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Kommunen kan gje råd og rettleiing om søknaden. Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Du kan kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, når det gjeld søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 466 15 000, post@bufdir.no.
Dei skjemaa du finn på nettsidene til Bufetat, skal brukast ved alle typar adopsjonssøknader.
Søknadsskjemaet inneheld ei oversikt over kva dokument som skal følgje søknaden. Dokument som er utarbeidde med formålet adopsjon, skal sendast i original versjon. Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfest av offentleg tenestemann eller advokat.
Søknad om adopsjon av eit ukjent barn i Noreg eller utanlands skal sendast via barnevernstenesta i kommunen. Søknad om adopsjon av fosterbarn skal sendast via barnevernstenesta i den kommunen som har omsorga for barnet. Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt regionkontor.
Barnevernet
Forsand kommune
4110 FORSAND
Kommunen granskar søkjarar som ønskjer å adoptere eit norsk eller utanlandsk barn og gje tilråding. Deretter blir søknaden med kommunen si tilråding send til regionkontoret i Bufetats. Regionkontoret er det statlege, regionale adopsjonsmyndet som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssaker.
3-6 mnd
Ei eventuell klage skal sendast via regionkontoret, men må stilast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå eit eventuelt avslag er motteke. Sjå òg www.bufetat.no.