A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Andre kart

I menyen til venstre finn du ei rad eksterne kartapplikasjonar:

-fleire av disse har god funksjonalitet med enkle teikneverktøy og redigeringsmoglegheit.

Me vil særleg framheve:

  • Gardskart, med arealfordeling, Skog+landskap
  • Sjøkart, med meteorologiske data og -varsel, Kystverket

Nokre av applikasjonane, som Gardskart, krev at du kjenner gards- og bruksnummer (GBnr.). Dette finn du enklast ved å bruke Kartinnsyn eller Utvida kartinnsyn eller eventuelt Norgeskart. Det kan hende du må zoome tilstrekkeleg inn for at GBnr. skal bli synlege i kartet.

Det kan og være eit livreddande tiltak å lage seg ein NØDPLAKAT med nøyaktig geografisk posisjon på faste punkt, til dømes for å henge opp på hytta, slik at du kan fortelje hjelpemannskap posisjonen din ved ein akutt livstruande situasjon. Nødplakaten lagar du i Norgeskart. Dette er mykje tryggare enn å freiste å finne posisjon på mobil GPS i ein stressa situasjon. Hugs å zoome tilstrekkeleg inn i kartet for mest mogleg nøyaktig posisjon. Deretter vél du raudekrossen/ SOS i horisontalmenyen før du går vidare.

Portalen til Statens Kartverk inneheld mykje nyttig og interessant informasjon, medan geoNorge er ein nasjonal geografisk portal.

Norgeskart er ein god innsynsløysing for dei fleste, og me anbefaler óg Norge i bilder.

Nokre av applikasjonane, som til dømes Grunnkart eller Norge i 3D  krev at du installerer programtillegg for å få fullt utbytte av løysinga.


 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett