A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Arthur Hetland kryssar gamle spor

Hetland, som sist vinter gav ut boka "Lara" om sine opplevingar på femtitalet under den kalde krigen, var i haust på eit langt besøk i Finnmark ved grensa mot Russland. Besøket kom i stand etter særskild invitasjon frå Garnisonen i Sør-Varanger og frå Norges Grensekommissær for den norsk-russiske grense.
Gammelt grensetårn
Gammelt grensetårn på russisk side
Norsk-russisk grense i Pasvik
Den norsk-russiske grensa
Klar for patrulje
Grensejegarar frå GSV klare for patrulje. Arthur Hetland til venstre
Grensejegere
Klar for oppdrag
Patruljebåt på Grense Jakobselv
Arthur Hetland på veg opp langs grensa
Grensejegere
Ei siste formaning

Hetland var ved fleire høve på befaring i området saman med Grensekommisæren og hadde melom anna æra å få bu på Grensekommisæren sin hytte i grensesonen. Hetland var og gjest ved Garnisonen i Sør-Varanger (GSV), og tilbrakte mykje tid med befal og vernepliktige ved garnisonen.

Grensekommisæren, som er øvste norske myndigheit ved grensa, har grad av oberst, men er formelt  underlagt Justisdepartementet ved Politidirektoratet. Grensekommisæren har som oppgåve å sjå til at Grenseavtalen mellom Noreg og Russland, og øvrige avtalar mellom partane vert haldne.

I tida Hetland var i området besøkte han mellom anna Treriksrøysa, grensepunktet mellom Noreg, Russland og Finland, og han var med grensejegarar frå GSV på patrulje langs ei grense han kjenner godt.

Invitasjonen frå Grensekommisæren og GSV kom i stand som ein direkte følgje av at Hetland gav ut boka "Lara", der handlinga for ein stor part utspel seg i grenseområda mellom Noreg og Russland.

Her kan du lese meir om boka:

"Lara" - ei sann historie om kald krig og varm kjærleik

Arthur Hetland er takksam for den flotte mottakinga og merksemda som vart han til del, både frå det offentlege Norge ved Grensekommissæren som personleg følgde han rundt, og frå Forsvaret ved Garnisonen i Sør-Varanger.

Hetland fortel om eit varmt og hyggeleg møte med befal og menige ved GSV:

-Dei gjekk meg til hande heile vegen, og visste ikkje kva godt dei skulle gjere. Kjekke gutar! slår han fast med ettertrykk.

Det høyrar med til historia at tenesta som grensejegar ved Garnisonen i Sør-Varanger er krevjande, men svært populær blant dei som gjennomførar førstegongstenesta. Det er då heller ikkje kven som helst som slepp gjennom nålauget for å tenestegjere ved GSV, så tenesta gjev godt grunnlag for vidare karriere Forsvaret.

Her kan du lese meir om den norsk-russiske grensevakt:

Garnisonen i Sør-Varanger Forsvaret.no

Norges Grensekommisær for den norsk-russiske grense Grensekom.no

GSV Offisiell side: Facebook

Kart over området finn du nedst på sida

Foto: privat

 
 
 

 

Større kart
Del på facebook Del på twitter Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett