|
| Potent seminar om gardsmat |
Publisert 01.02.2008 |
|
Nøgde deltakarar fekk smake potenshonning.
Det var ei lita men interessert gruppe på 13 personar som møtte fram sist tysdag kveld til det fyrste møte med prosjekt "Ny Næring i Forsand".
Anne Karin Søyland frå Søya Gårdsutsalg i Gjesdal baud på seg sjølv og sine produkter. Hun fortalde historia si frå byrjinga då ho starta i eit lite rom på garden og fram til det livskraftiga foretak ho driv i dag. Kveldens deltakarar fekk ta del i ein god del viktige erfaringar som ein bør kjenne til før ein startar opp med matproduksjon på garden eller ved sida av anna næring. |
|
|
| Mitt Ryfylke |
Publisert 31.01.2008 |
Tysdag i forrige uke vart den nye logoen for Ryfylke lansert.
Logoen er meint å skulle vere eit symbol som regionen Ryfylke skal samle seg rundt, ein fellesnevnar for det Ryfylke står for.
Blant mykje anna blei det på Hjelmeland også lese tekstar som skulle vise kva folk som held til her eigentleg tenker og trur om Ryfylke.
Ein av tekstane var skriven av Katrine Merkesdal Hall frå Forsand skule.
Under her kan du lese eit utdrag av dei tankar eit ungt menneske har kring begrepet Ryfylke.
|
|
|
| Kartdatabasen Smartkom - ny regional kartportal - open for alle |
Publisert 29.01.2008 |
|
Forsand lanserar no ein ny kartportal - Smartkom Forsand.
Du finn han her!
Smart kommune-prosjektet er eit prosjekt med målsetting å samordne, forenkla og effektivisera plan- og byggesakhandsaminga i kommunane i Stavanger-regionen.
Prosjektet er ein del av næringsplanen for Stavangerregionen og har vore i drift på prøvebasis i omlag eit år.
Det vore eigne faggrupper med representantar på tvers av kommunene innanfor feltene plan, byggesak og geodata som har arbeidet med prosjektet i samarbeid med Asplan Viak og Norconsult.
Smartkom er den nye kartressursen som kommunane på Nord-Jæren og i Ryfylke nyleg har teke i bruk og som no opnes for bruk av publikum.
|
|
|
| Flotte byggjeklare utsiktstomter til sals |
Publisert 24.01.2008 |
|
Forsand har fleire solrike byggjeklare tomter til sals som kanskje mange ikkje har vore klare over.
Dyre er dei heller ikkje. Tvert imot.
Tomtene på Mælshamaren ved Helle vil kome på omlag 150.000 per mål og då er alle kostnader teke med.
Med på kjøpet får de sol mest heile dagen, masse lys og luft, fantastisk utsikt over Høgsfjorden og ein nærleik til naturen dei fleste vil misunne dykk!
Legg gjerne søndagsturen innom Helle og Mælshamaren så kan de sjølve ta tomtene i nærare augesyn! |
|
| |
| Ryfylke har fått sitt eige symbol |
Publisert 24.01.2008 |
Det var ei flott markering på tirsdag då Ryfylke IKS inviterte til lansering av den nye logoen på Spa-hotellet på Hjelmeland.
Her kan du sjå filmen MittRyfylke!
|
|
|
| Gode kår for etablerere i Forsand |
Publisert 17.01.2008 |
|
Nye tal viser no at Forsand ligg heilt på topp for nyetableringar i Rogaland. Det var heile 10 nye foretak som blei registrerte i 2007 og det er mykje i ein liten kommune.
Det viser kan hende óg at det er lettere å starte nytt i Forsand enn mange andre stader med meir konkurranse og større byråkrati.
|
|
|