Framsida     Seksjonar og tenester   |   Politikk   |   Postlister   |   Opningstider   |   Betalingssatsar   |   Kontakt oss   |   Søk   |   Viktige telefonnummer   |
Kontaktinformasjon
Forsand kommune
Kommunehuset
4110  Forsand
 
post@forsand.kommune.no
 
 
Telefon : 51 70 00 00
Faks : 51 70 00 02
Org.nr. : 939 347 801
Kommunenr. : 1129
_
Opningstid : Man-fre: 08:00 - 15:00
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Søk
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Konfliktrådet


Konfliktrådet har til oppgåve å mekle i tvister som oppstår som fylgje av at ein eller fleire personer har påført andre ein skade, eit tap eller liknande.

Døme på saker som handsamast i konfliktrådet kan være konflikt på arbeidsplass eller skule, som trakassering, skadeverk eller tyveri. Det kan være tvist mellom huseigar og leigetakar, forbrukarsaker, tvist mellom naboar eller i familien, økonomisk tvist, eller konflikt som fylgje av straffbar handling.

Konfliktrådet


Konfliktrådet er ein del av strafferettspleien i Noreg. Mekling i konfliktråd er eit alternativ til tradisjonell strafferettsleg handsaming av einskilde straffesaker. Både strafferettslege saker overført frå politiet, og sivile saker frå partane sjølve kan takast opp i konfliktrådet. Alle og einkvar kan melde inn saker for konfliktrådet - men før mekling kan skje må partane samtykkje. Dersom saka vert løyst i konfliktrådet, vert den/dei påklaga ikkje registrert i straffe- og bøteregisteret.

Det er lovpålagt at befolkninga i alle kommunar i Noreg skal ha muligheit til å benytte konfliktrådsordningen i aktuelle saker. Konfliktrådet i Sør Rogaland er administrasjonen for kofliktsrådsordningen i de kommunar som hører til Rogaland politidistrikt

De flest kommunar har egne meglere. Det er ft ikkje egen megler i Forsand, men konfliktrådsmeglere frå nabokommunar vil benyttas. Møta vil imidlertid foregå lokalt, og vanlegvis på ettermiddag/kveldstid. En benytter møtelokala på rådhuset

Korleis arbeider ein i konfliktrådet?

Arbeidsmetoden i konflikrådet er mekling.

I mekling møtast partane ansikt til ansikt saman med ein nøytral tredjeperson. Målet er at ein i fellesskap, gjennom forhandlingar, skal kome fram til ei løysing som begge partar kan akseptere. Deltaking i konfliktrådet er friviljug, og ein kan når som helst trekkje seg ut av meklingsprosessen. Erfaringar viser at mange konfliktar blir løyst på ein god måte når ein får snakke ut saman med ein meklar som ivaretar begge partar si interesse.

Meklinga kan munne ut i ein skriftleg avtale mellom partane. Partane skal sjølv forhandle seg fram til løysingsforslag - og velje alternativ til avtale. Ein slik avtale kan t.d. vere ein avtale om økonomisk oppgjer eller ein forhandlingsavtale, dvs. avtale utan materiell erstatning. Partane skal sjølv vere aktive når det gjeld innhaldet i avtalen. Målet er å kome fram til ein avtale som skadevoldar kan greie å gjennomføre, og som fornærma kan vere nøgd med. Dersom ein ikkje klarar å bli samde om ein avtale, vert meklinga broten og saka går tilbake til politiet. Dersom det er ei sivil sak, er det opp til partane kva dei vil gjere vidare med saka.

Konfliktrådet fylgjer opp om avtalen blir innfridd. Politisaker vert returnert til politiet. Det vert sendt melding om kva slags avtale som er inngått og om avtalen er innfridd.

I sivile saker gir konfliktrådet tilbakemelding til oppdragsgjevar.

Fordelar med mekling:

I straffesaker for gjerningspersonen sjanse til å gjøre opp for seg...osv. Den som dette har gått ut over for muligheit å fortelje kva det har betydd, og kommer med sine forslag til hvordan saken kan gjørast opp. Det vil være større sjanse til å få erstatta et tap på denne måten enn elles innan strafferettspleien. I voldssaker kan det i tillegg til et eventuelt økonomisk tap være å få bearbeidet en vond hending.

Målet er å få løyst saken på et lavast mulig nivå utan å gå veien om domstolen. Dette gjelder også for de sivilt meldte sakene. Disse kommer ofte etter forslag frå politiet eller andre offentlige instansar eller frå en av de som er berørt i saken.

Meklar si rolle:

Meklar er ein nøytral part. Meklar skal leie møtet, styre samtalen og formulere avtaleteksten. Meklar har teieplikt.

Kontaktdetaljer:

Har du en sak som du ønskjer behandla i konfliktråd, så kontakt oss på tlf. eller e-post. Vi trenger namn, adresse og telefonnummer til partane, samt en kort beskriving av saken. Om ønskelig, er det mulig å komme til oss på kontoret å fremmlegge saken, og få info frå oss. Er det straffesak,  er det politiet som innhentar samtykke til konfliktrådsbehandling, mens det ofte er konfliktrådet som gjør det sivile

Konfliktrådet i Sør-Rogaland
Lagårdsveien 6 (Stavanger politistasjon)
4010 Stavanger

Opningstid: 08:00 - 15:45
Sommartid: 08:00 - 15:00 (15. mai - 15. september)

Postadresse:

Konfliktrådet i Sør-Rogaland
Postboks 240
4001 Stavanger

tlf.: 22 03 25 53    telefaks: 22 03 25 51

E-post: sor-rogaland@konfliktraadet.no

Ressurser:

Konfliktrådet

Lov om mekling i konfliktråd, Lovdata

 

Publisert av Torgeir Kvalberg. Sist endra 15.01.2010