Kontaktinformasjon
Forsand kommune
Kommunehuset
4110  Forsand
 
post@forsand.kommune.no
 
 
Telefon : 51 70 00 00
Faks : 51 70 00 02
Org.nr. : 939 347 801
Kommunenr. : 1129
_
Opningstid : Man-fre: 08:00 - 15:00
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Søk
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Fortidslandsbyen Landa - Noregs eldste rekonstruerte landsby
Landa bronsalderhusBronsealderhuset
Rune Søyland som husbonden EgdeFrå Landaspelet 2009
fotografTorgeir Kvalberg


LANDA held berre opent om sommaren men du kan likevel bestille arrangement eller guiding:

Ta kontakt med Monica Johannessen på telefon 954 28 451.

Noregs største arkeologiske utgraving har funne stad her på Forsandmoen. Til saman er 80.000 kvm undersøkt. Utgravinga var med på å endre tidlegare oppfatning av korleis bu og leveforhold har vore her i Noreg, så langt tilbake som i bronsealderen.

Under utgravingane blei det funne spor etter meir enn 250 hus. Dette er like mange hus som til saman er undersøkt i heile Noreg.

Basert på desse funna kunne vi gjenreise nokre av desse husa. 3 av husa og eit lagerhus har blitt gjenreist, resten er markerte med tanke på gjenreising. Det er gjort over 3000 funn. fleire gjenstandar, korn, keramikk, osv.

Det har blitt konstatert at Fossandmoen har hatt samanhengande buseting i over 2000 år. Menneska her har levd i landsby-liknande forhold. Kanskje det var eit maktsete her på Fossandmoen? Reiskapene som er funnet gir oss eit innblikk i korleis dei kan ha bygd husa sine.

Husfrua på Landa kan ta dykk med på ei forhistorisk ”reise” som startar i bronsealderen (1800 f. Kr.), vidare i før-romersk jernalder og folkevandringstid (slutt rundt 600 e. Kr.).

Landa kan tilby forskjellige aktivitetar som passar vel så bra for liten som for stor! Leik og lære ein viktig del av Landa.

Fortidslandsbyen Landa er open berre i sommarmånadene, men det er mogleg å bestille arrangement eller guiding for grupper heile året.

Ta kontakt med Monica Johannessen på telefon 954 28 451.



Her kan du sjå detaljer frå fjorårets program: Landa 2009



KVA MED EIN SPANANDE ”REISE” INN I FORHISTORISK TID?

KVA MED EIN DAG FULLSPEKKA AV FORHISTORISKE OPPLEVINGAR OG AKTIVITETAR?

KVA MED Å NYTA EIT FORHISTORISK MÅLTID I HØVDINGENS FESTSAL, GILDEHALLEN?

KVA MED EI OPPLEVINGSRIK FORHISTORISK OVERNATTING I BRONSEALDERHUSET?

KVA MED FORHISTORISK BRYLLAUPSFEIRING?


Landsbyen er unik og då blir opplevingane unike!