Framsida     Seksjonar og tenester   |   Politikk   |   Postlister   |   Opningstider   |   Betalingssatsar   |   Kontakt oss   |   Søk   |   Viktige telefonnummer   |
Kontaktinformasjon
Forsand kommune
Kommunehuset
4110  Forsand
 
post@forsand.kommune.no
 
 
Telefon : 51 70 00 00
Faks : 51 70 00 02
Org.nr. : 939 347 801
Kommunenr. : 1129
_
Opningstid : Man-fre: 08:00 - 15:00
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Søk
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Beredskap
Brann og redningBrann og redning
fotografOle Tom Guse


Dersom noko uforutsett som trugar liv eller verdiar skulle skje, er det viktig at du snarast råd søker hjelp. I lista nedanfor finn du dei viktigaste telefonnr. du kan få bruk for.



Forsand Brann og Redningsteneste kan kontaktast ikkje berre ved brann, men også ved andre uforusette hendingar. Me har utstyr for lensing/pumping, nedfiring i tau, gassutvikling i fjøs, oljesøl, vasstransport m.m.

Ta kontakt med befal eller direkte til 110-sentralen. Meir info finn du på brannmann.com

Dersom du skal melde frå om feil ved drikkevann eller kloakk ring 51 70 00 00.

Publisert av Ole Tom Guse. Sist endra 24.04.2009
Beredskapskontaktar
FunksjonTelefonnrEpost
Brann110
Politi112
Lege113
Politi (ikkje akutt)02800
Legekontor Forsand51 70 03 40
Legevakt51 74 70 00
Brannsjef Arild Skappel51 74 30 43 ask@forsand.kommune.no
Beredskapsleiar Steinar Haaland907 29 110 sha@forsand.kommune.no
Utrykningsleiar Ole Tom Guse911 13 013 guse@online.no
Kontaktliste ved uforutsette hendingar
spacer Beredskap
WHO erklærer at influensapandemien er over
InfoPublisert 27.08.2010
influensa_a.jpg

Illustrasjonsbilde influensa A (H1N1)Verdens helseorganisasjon (WHO) har i dag erklært pandemien med influensa A(H1N1) for over.

Les meir | Arkiv
Streik i kommunesektoren: Forsand er ikkje tatt ut i første omgang
InfoPublisert 27.05.2010
lite_penger_og_mynter.jpg

Meklinga førte ikkje fram, og rundt 17 000 arbeidstakarar i kommunesektoren er difor tatt ut i streik frå fredag morgon den 28. mai. 

Les meir | Arkiv
Informasjon om Svineinfluensa - Influensa A (H1N1) - vaksine
InfoPublisert 27.01.2010
influensa_a.jpg

Vaksine mot Svineinfluensa - Influensa A (H1N1) starta for risikogrupper i veke 44/2009.    Forsand kommune har gitt eit tilbod om vaksine mot influensa til heile befolkninga frå veke 50/2009.

Heile befolkninga blir anbefalt å ta vaksine, unnateke gravide som er i dei 12 første vekene av svangerskapet og barn under 6 månader. Målet er at flest mogleg er vaksinert, slik at vi står betre rusta når ei ny influensabølgje startar i vinter/vår 2010. 

Tidspunkt for vaksinering mot influensa A (H1N1) - torsdagar etter avtale
InfoPublisert 08.01.2010
influensa_a.jpg

Legekontoret tilbyr vaksine mot Influensa A(H1N1) til dei som enda ikkje er vaksinert.  Det blir framleis anbefalt  at folk lar seg vaksinera.

Nytt tidspunkt for vaksinering: Legekontoret på måndag 14. desember og tysdag den 15. desember, elles etter avtale.
InfoPublisert 08.12.2009
sproeyte_-_vaksine_2.jpg

Vaksinering mot influensa A(H1N1) for alle innbyggjarar i Forsand kommune har starta.   Forsand Legekontor har ny vaksineringsdag på måndag den 14. desember og tydag den 15. desember på følgjande tidspunkt: 

  • Kl 13.00 til 15.00
  • elles etter avtale
Nye tidspunkt for vaksinasjon:
InfoPublisert 27.11.2009

Videre vaksinering med Pandemrix mot influensa A(H1N1) på Forsand. Skjer på følgjande måte.

Nye retningsliner for sjukefråvær etter influensa - tilbake til arbeid tidlegast 24 timar etter at du er symptomfri:
InfoPublisert 25.11.2009
influensa_a.jpg

Folkehelseinstituttet har no kome med nye anbefalingar når det gjeld sjukefråvær ved influensa.  Tidlegare har dei sagt at personar med influensa skal halde seg heime i 7 dagar etter at dei har blitt sjuke (sjølv om dei er symptomfrie etter eks. 4 dagar).  Fhi. har no gjort ei ny vurdering av dette med bakgrunn i at store delar av risikogruppene er vaksinert.   Den nye anbefalinga er difor at:

Informasjon om vaksinasjon av barn i barnehagen og skulen - i morgon (onsdag den 18.11. og torsdag den 19.11.)
InfoPublisert 17.11.2009
influensa_a.jpg

Vaksinasjon av friske barn i barnehagen og i småskulen opp til 12 år, dvs. elevar i første t.o.m. 6. klasse vil foregå på onsdag den 18.11. og torsdag den 19.11. evt. og på fredag.  (Barn frå 6 mnd. til 3 år har allereie fått tilbod om vaksine.)  Helsesyster vaksinerer skulebarn på skulen, mindre barn får tilbod om vaksine på legekontoret..

Barn i barnehage og skule har fått brev om vaksinasjon med seg heim.  Foreldre/føresette må skrive under på eit skjema om deira barn skal få vaksine, eller ikkje.  I tillegg må dei fylle ut vaksinasjonskort.  Pris for vaksinasjon i regi av helsesyster på skulen er kr 100,- totalt pr. barn.  (Barn opp til 9 år får 1/2 dose x 2).  Ingen skal betale meir enn kr 100,- pr. barn, for vaksinasjonen som foregår i skulen, uavhengig av antall doser.

Vaksinasjon av små barn opp til 6 år vil skje på legekontoret onsdag den 18.11. og torsdag den 19.11.09 mellom kl. 13 og 1430.

 

VAKSINASJON AV BARN MELLOM 6 mnd. og 3 til 4 år - I DAG PÅ FREDAG 13.11.09 fram til kl 15, og måndag frå kl 13 til 1430.
InfoPublisert 13.11.2009
sproeyte_-_vaksine_2.jpg

Legekontoret har sendt melding om at dei har 40 vaksinedosar igjen etter at alle i riskogruppa er vaksinert.  Det vil difor bli gitt tilbod til friske born mellom 6 mnd. og 3 år (4år).  Legekontoret ringer til dei aktuelle familiane i desse årskulla.  I tillegg vil barnehagen informere når foreldra henter barna sine i dag.  Det er viktig at inntil 20 barn stiller opp i dag, då ei vaksineflase er opna, og må bli brukt opp i løpet av dagen. 

Dei resterande barna (6 mnd. 4 år)  kan bli vaksinert på måndag 16. november kl 1300 til kl 1430. 

Tamiflu blir solgt på Forsandheimen på ettermiddag/kveld og helg utanfor opningstida til apoteket og legekontoret
InfoPublisert 11.11.2009
tamiflu_utan_resept.jpg

Forsandheimen:  SJUKEPLEIAR PÅ FORSANDHEIMEN har etter delegasjon frå kommunelegen, fullmakt til å UTLEVERE TAMIFLU til Forsand sine innbyggjarar som har influensasymptom, eller til personar i risikogruppa som ikkje er vaksinert, og som er i nærkontakt med influensasjuke.   Denne ordninga gjeld på ettermiddags- og kveldstid når apotek og legekontoret har stengt.  PÅ KVARDAGAR MELLOM KL. 18 OG 22.  LAURDAG FRÅ KL 15 TIL 22 OG SØNDAG MELLOM KL 08 OG 22.   

Vaksinasjon av friske som er pårørande til ikkje-vaksinerte pasientar i risikogruppa, startar måndag 09.11.
InfoPublisert 10.11.2009
sproeyte_-_vaksine_2.jpg

Smittevernlege Anja Ammicht har etter rådføring med fylkeslegen, starta med vaksinasjon av friske personar som er pårørande til "ikkje-vaksinerte" personar i risikogruppa.  Dette gjeld m.a. pårørande til spedbarn mellom 0 og 6 mnd., pårørande til gravide i første trimester (1 til 12 veker) og andre som av medisinske årsaker ikkje kan bli vaksinert. 

Smittevernlegen vil framleis oppmoda innbyggjarar med influensasymptom om å starte med Tamiflu innan 12 timar og seinast innan 48 timar etter symptomstart.   Symptom kan være følgjande:  (klikk på lenka).  Ved nærkontakt med influensasjuke (H1N1) må ein rekna med smitte hos ca 50 %, og sjukdomsutbrot innan 2-3 dagar.

(Infeksjonslegar reknar med at vaksinerte er beskytta/delbeskytta 14 dagar etter første vaksinering.)

Det første bekrefta tilfelle av Influensa A - H1N1 (svineinfluensa) i Forsand.
InfoPublisert 09.11.2009
influensa_a.jpg

Frå Forsand legekontor har vi fått melding om at ein pasient er innlagt på univ.sjukehuset i Stavanger med "svineinfluensa".  I tillegg har personen lungebetennelse og hjernehinnebetennelse.  Legekontoret opplys at det  ikkje dreier seg om smittsam hjernehinnebetennelse.

Personen som er smitta med influensa A H1N1, har avvikla ferie dei siste 10 dagane, og har difor ikkje vore i arbeid på det tidspunktet som vedkomande blei sjuk.  I lenka nedanfor kan du lese meir om råd i høve til å unngå smitte.

Legekontoret i Forsand vil oppmode innbyggjarane til å ta kontakt dersom dei har mistanke om at dei er smitta av influensa A H1N1.
InfoPublisert 06.11.2009

Det nye H1N1 influensa-viruset spreier seg raskt i Norge, og talet på sjuke er aukande.  Ved Forsand legekontor er det pr. 06.11, ikkje registrert pasientar med ny influensa A H1N1.  (Fleire er imidlertid rådd til å halde seg heime i 7 dagar.)  Helsestyresmaktene har innført ei mellombels ordning om å frigjere tidlegare reseptpliktige medisinar mot influensa, dvs. Tamiflu eller Relenza, slik at folk no kan kjøpe desse på apoteket utan resept.  Du må då fylle ut ein eigenerklæring som du finn i lenka nederst i denne artikkelen.  Apoteket på Jørpeland har ope frå kl 0900 til kl 1700, laurdag frå kl 0900 til kl 1400. 

Svineinfluensavaksinasjon for RISIKOGRUPPER i veke 45 - 02. nov. SISTE FRIST MÅNDAG 02.NOV.
InfoPublisert 31.10.2009
Festbord, ein populær aktivitet i samarbeid med brukarane

Legekontoret v/ Anja Ammicht opplyser at det fortsatt er ca 100 "pasientar" i risikogruppa som ikkje er vaksinert.  Desse må kome på legekontoret på måndag, eller ringe og AVTALE EIT ANNA TIDSPUNKT, dersom dei ikkje kan møte opp på måndag.   

Restlager av vaksiner vil deretter bli overført til Strand kommune, som ikkje har nok vaksinar til å dekke behovet i risikogruppa for sine innbyggjarar.  Forsand kommune vil ikkje få nye vaksinar før resten av landet har fått nok vaksinar til å dekke definerte risikogrupper.  Det kan difor gå minst 2 veker før desse gruppene er vaksinert. 

Pandemiplan for Forsand kommune (vedlegg til smittevernplanen)
InfoPublisert 30.09.2009


Klikk her for: Pandemiplan 2009-2001

Influensa A (H1N1) tidlegare kalt svineinfluensa - første tilfeller av influensaen i Norge
InfoPublisert 11.05.2009
vask_hendene_115309c.jpg


Folkehelseinstituttet har opplyst at dei to meldte tilfella i Norge er smitta i utlandet, ikkje i Norge. Dei næraste vekene reknar dei med at det vil kome fleire slike einskildtilfelle hos personar som er smitta i utlandet. Etterkvart vil vi også få smitte mellom mennesker i Norge. Tiltaka no tek sikte på å forseinke spreiinga i landet.

Influensa A (H1N1) tidlegare kalt svineinfluensa
InfoPublisert 06.05.2009
kommunelogo.jpg

Influensa A ( H1N1)
I Forsand kommune følgjer vi nøye utviklinga når det gjeld utbrot av influensa A (H1N1) som tidlegare er kalt svineinfluensa.  Situasjonen ser ikkje ut til å bli så dramatisk som dei første meldingane i slutten av april skulle tilsei.  Kriseleiinga i kommunen har likevel hatt ein gjennomgang av beredskapsplanane, inkl. smittevernplanen, og er i ferd med å oppdatere pandemiplanen. 

Kommunen har og hatt jamnleg kontakt med fylkesmannen si beredskapsgruppe og følgjer dei råd som kjem frå sentrale myndigheter, som f.eks. helsedirektoratet, fylkesmannen og fylkeslegen.  Smittevernlegen i Forsand er legekontoret v/ Anja Ammicht. 

Smittevernlegen vil oppfordre alle innbyggjarar til å vere ekstra flinke med handhygienen, for å redusere smitte og sjukdom hos seg sjølv og andre.  Dette er eit generelt råd som både kan ha effekt ved eit evt. utbrot av ein pandemi, men også andre smittsomme sjukdommar som vi blir utsett for kvart år. 

For meir informasjon om utviklinga, kan du sjølv gå inn på nettstedet www.pandemi.no og/eller www.fhi.no

Varsel om ekstrem nedbør
InfoPublisert 10.12.2006
Flaum ved hytte i Fossanhagen
Det er varsla ekstremt mykje nedbør i løpet av sundags natt og måndag 11. desember.
BREDSKAPSORDNING FOR PRESTAR I FASTLANDSRYFYLKE - Beredskapstelefon 948 32 880
InfoPublisert 12.10.2006
Vinterbilde av kyrkja
Beredskapsordninga går ut på at det alltid skal vere ein prest i beredskap. Vedkommande vil vere tilgjengeleg på telefon og vil enten rykke ut sjølv, eller få ein annan prest til å gå med dødsbod, eller anna nødvendig ærend etter oppmoding frå politiet. På dagtid i vekedagane, kl 08.00-17.00, skal ein kontakte den lokale presten som tidligare. Ordninga med beredskapen gjeld frå kl 17.00-08.00, heile laurdag og sundag fram til måndag kl 08.00.

BEREDSKAPSNUMMERET ER 948 32 880.

Vedlagt er ei liste over kven som har beredskap. Som ei prøveordning har vi oppretta ein beredskapstelefon som automatisk vidarekoplar til vedkommande beredskapsprest. Det er å ønskje at beredskapsordninga fungerer og at politiet får den assistanse dei ønskjer ved dødsfall og ulukker. Spørsmål og tilbakemelding om korleis ordninga fungerer, kan de gje til underteikna.
Med helsing,Jeffrey Huseby
Prost i Søre Ryfylke
Fugleinfluensa
InfoPublisert 01.06.2006
Ender og måker
Det er frå i dag gjort endringar i forskrift som regulerer hald av fjørfe utandørs, og det er ikkje lenger forbod mot utegåande fjørfe.
REDNINGSØVELSE
InfoPublisert 11.05.2006
Lysefjordbrua
Politiet i Strand og Forsand skal sammen med Hovedredningssentralen ha en stor redningsøvelse i Lysefjordområdet i dag torsdag 11. mai.
Fugleinfluensa
InfoPublisert 27.03.2006
Stokkand par
Det er endå ikkje påvist fugleinfluensa i Noreg, men skulle du likevel finne døde fuglar - ta kontakt med Mattilsynet som har hovudansvar ved ev utbrot av alvorleg dyresjukdom. Mattilsynet har tlf 06040.

Ferdsel på is
InfoPublisert 10.01.2006
Istapper
Nye skøyter til jul? Fristar isen deg? Her får du nokre viktige tips.