Framsida     Seksjonar og tenester   |   Politikk   |   Postlister   |   Opningstider   |   Betalingssatsar   |   Kontakt oss   |   Søk   |   Viktige telefonnummer   |
Kontaktinformasjon
Forsand kommune
Kommunehuset
4110  Forsand
 
post@forsand.kommune.no
 
 
Telefon : 51 70 00 00
Faks : 51 70 00 02
Org.nr. : 939 347 801
Kommunenr. : 1129
_
Opningstid : Man-fre: 08:00 - 15:00
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Søk
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kart for dei fleste føremål


Arbeider du med eit byggeprosjekt og har bruk for eit situasjonskart i målestokk? Då kan Grunnkart være det du har bruk for.

I undermenyen til venstre under Kart vil du finne lenker til fleire portalar og applikasjonar mellom anna for kart innafor ulike fagfelt, ruteplanleggjar, miljø, vær og klima, satelitt- og luftfoto.

Earth in Hands - jordas framtid i våre henderI dag er heile kloden tilgjengeleg gjennom ein PC
Vassryggen ved Haukalivatnet m/eigedomsgrenser frå DEK (Digitalt Eigedoms Kart)Vassryggen med eigedomsgrenser frå DEK (Digitalt EigedomsKart)
fotografOrtofoto


Fleire av disse har god funksjonalitet med enkle teikneverktøy og redigeringsmoglegheiter.

Me vil særleg framheve:

  • Grunnkart, med situasjonskart og reguleringsplanar, SmartKom
  • Gardskart, med arealfordeling, Skog+landskap
  • Sjøkart, med meteorologiske data og -varsel, Kystverket

Nokre av applikasjonane, som Gardskart, krev at du kjenner gards- og bruksnummer (GBnr.). Dette finn du enklast ved å bruke Grunnkart eller Norgesglasset. Du må zoome tilstrekkeleg inn for at GBnr. skal bli synlege i kartet.

Det kan og være eit livreddande tiltak å lage seg ein NØDPLAKAT med nøyaktig geografisk posisjon på faste punkt, til dømes for å henge opp på hytta, slik at du kan fortelje hjelpemannskap posisjonen din ved ein akutt livstruande situasjon. Hugs å zoome tilstrekkeleg inn i kartet for mest mogleg nøyaktig posisjon. Deretter vél du raudekrossen i horisontalmenyen før du går vidare.

Portalen til Statens Kartverk inneheld mykje nyttig og interessant informasjon, medan geoNorge er ein nasjonal geografisk portal.

Norgesglasset er ein god innsynsløysing for dei fleste, og me anbefaler óg Norge i bilder.

Nokre av applikasjonane, som til dømes Grunnkart,  krev at du installerer programtillegg for å få fullt utbytte av løysinga.

 

Publisert av Torgeir Kvalberg. Sist endra 23.07.2009