A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Forsand barnehage

Forsand Barnehage er ein ny kommunal barnehage.

Den er bygd som ein "basebarnehage" med 4 basar, der barna er delt inn etter alder. Blå base er for 1-2 åringar. På Gul base går 3-åringane, på Grøn base går 4-åringane, medan 5-åringane går på Rød base. Vi har tilbod om delte plassar 2-5 dagar i veka, samt heil- og halvdagsplassar.

Forsand barnehage ligg sentralt på Forsand.

Sidan 2005 har vi hatt eit samarbeidsprosjekt med ein gard like i nærleiken av barnehagen. Dette samarbeidet held fram, og to grupper/baser vil besøkje garden kvar veke. Her blir barna kjende med dei ulike dyra, og vi får følgje gardslivet gjennom alle årstidene. Vi har vår eiga åker der vi dyrkar grønsaker og andre vekster, og vi legg vekt på å nytte dei ulike produkta vi får frå garden, som til dømes grønsaker, egg, urter og ull.

Vidare legg vi vekt på å nytte den fine naturen vi har rundt oss, og går ofte på tur i nærmiljøet.

Visjonen vår er: Vi gjer kvarandre gode.

I Forsand barnehage ønskjer vi at barn og vaksne skal gjere kvarandre gode. At foreldre og personal skal gjere kvarandre gode, og at dei vaksne i barnehagen skal arbeide for å gjere kvarandre gode, gjennom respekt og openheit.

Hovudmålet for barnehagen er at alle barna skal få gode moglegheiter til læring og utvikling. Vi vil at dei skal oppleve tryggleik og trivsel i barnehagen.

Vi har og vår eiga nettside, Forsand barnehage der de mellom anna kan finne årsplanen og informasjon om kvar base.

Loading map...
Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett