A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida/Tenester

Barnehageplass

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Retten til barnehageplass gjelder for barn som fyller eitt år seinast innan 1. desember det året det vert søkt om barnehageplass. Barn som er født før 1. september har rett til plass innan utgangen av august. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november, har rett til plass innan utgangen av den månaden barnet blei fødd.

Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eiget formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform.

Her finner du Forsand barnehage

Målgruppe

Barn 0 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterium/vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Pris for tenesta

Maksimalpris
Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen for 2019 er 2 990 kroner per månad frå 1. januar og 3 040 kroner per månad frå 1. august.

Redusert betaling
Dersom den samla inntekta i hushaldet er lågare enn 541 500, skal du få ein lågare pris enn maksprisen.

Gratis kjernetid
Alle familiar med lågare samla inntekt enn 533 500 kroner har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.

Sysken
Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. 

 

 

Barnehagesatser

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende


Barn i fleirspråklege familiar
Velkommen til barnehagen

Samarbeidspartnarar

  • Helsestasjonen
  • PPT
  • Barnevernet
aaa

Lover og retningslinjer

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Sjå
Barnehageloven § 7, § 8, § 9, § 12, § 12a og § 13.
Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

Lover

Barnehageloven
Barnevernloven

Forskrifter

Forskrift om familiebarnehager

Forskrift om foreldrebetaling i barnehager

Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak

Forskrifter

Kvalitet i barnehagen - St.meld. nr. 41 (2008-2009)

Rett til barnehageplass

___

Rettleiing - korleis få utført

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

 

Frist for søknad om endring av barnehageplass  for barnehageåret er 1. mars

Frist for søknad om ny barnehageplass for barnehageåret er  15. mars

 

Du kan sende søknad ved å bruke skjema Barnehage - Ny plass og endring som du  finn under Skjema til høgre.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Søknaden sendes til

Forsand kommune
Fossanvegen 380

4110 FORSAND

eller:

post@forsand.kommune.no

 

 

Saksbehandling

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Du skal meldast skriftleg om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass.

Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen. Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria.

Dersom du ikkje har fått tilbod om plass, skal du få skriftleg melding om dette. Samtidig skal du få melding om at du kan krevje ei grunngiving for avgjerda, at du har rett til å klage og fristen for å klage.

Dersom barnet ditt har rett til prioritert plass og du ikkje har fått tilbod om plass, har du rett til ei skriftleg grunngiving, melding om retten din til å klage og fristen for å klage.

Klagemulighet

Du kan klage dersom
  • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
  • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken første eller andre ønske.
Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.
 
Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Forsand barnehage
Telefon:51 70 01 64
Epost:post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:Bergekrossen 4110 FORSAND

Ansvarlig enhet

Avdeling:Forsand barnehage
Telefon:51 70 01 64
Epost:post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:Bergekrossen 4110 FORSAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2017-05-29 10:06
Gyldig fra2010-09-09
Gyldig til2018-01-31
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett