www.forsand.kommune.no

Barneverntenesta

Publisert: 15. desember 2010 , oppdatert : 19. desember 2018

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge i kommunen har gode levekår og høve til ei positiv utvikling. Når barna på grunn av forhold i heimen, eller av andre grunnar har behov for det, skal barneverntenesta gje råd, rettleiing eller setje inn andre former for hjelpetiltak.


Barnevernet treff du på kontoret på kommunehuset, eller på telefon 51 70 00 00.
 

Frå 01.01.2019 skal akutte hendingar utanom kontortid, meldast inn til Barnevernvakta i Sandnes, tlf: 905 41 321, epost: barnevernvakten@sandnes.kommune.no


Du finn bekymringsmelding til barnevernet ved å klikke på lenkene under:

Privatperson og bekymra for eit barn

Offentleg tilsett og bekymra for eit barn

Du kan lese meir om barnevern her: Barnevern.no

Namn Funksjon Telefon Mobil E-post
Tilsette barnevern
Kirsten Bakke Barnevernleiar 51 70 01 45  951 92 543 kba@forsand.kommune.no
Marit Stene Hansen Barnevernkons. 51 70 01 42   mha@forsand.kommune.no


Det er viktig at du på førehand ringjer og avtaler tidspunkt for samtale, men barnevernleiar kan og verte kontakta direkte.

Barneverntenesta skal følgje med i dei forhold barn lever under, og har ansvar for å finne tiltak som kan forebygge omsorgssvikt og adferdsproblem.

Alt arbeid som blir utført av barneverntenesta skal vere i nært samarbeid med familien.


Lovverk:

Lov om barneverntenester

Saksbehandling:

Første kontakt: bekymringsmelding el. søknad om hjelpetiltak
Undersøkelse
Vedtak
Iverksetting av tiltak
Evaluering


Klagerett:

Alle vedtak fatta av barneverntenesta kan påklagast.
Frivillige hjelpetiltak kan påklagast til Fylkesmannen innan 3 veker.
Akuttvedtak/vedtak om flytting av barn kan påklagast til Fylkesnemnda for sosiale saker innan 3 veker.
Tvangsvedtak kan prøvast av Tingretten innan 2 månader.

Barneverntenesta kan gje rettleiing og hjelp til korleis du skal gå fram når du vil klage på vedtak.


Vi kan love:
at du blir høyrd, tatt på alvor og møtt med respekt
at taushetsplikten blir ivaretatt
at du får den informasjon du har krav på i saka di
at alle bekymringsmeldingar blir handsama innan ei veke
at du vil kunne få råd og rettleiing ved behov i forhold som gjeld deg, ditt barn/ungdom og familiesituasjonen
at vi så langt råd er vil søke å finne den beste løysinga for din familie
at vi vil hjelpe deg med å få kontakt med andre instansar når du treng det
alle søknader som hjelpetiltak vil bli behandla innan 3 månader

For at vi skal kunne oppfylle dette:

må du gje oss alle relevant opplysningar som har betydning i for saka
må du bidra til samarbeid for at vi skal finne best mogeleg løysing for barnet og familien
må du du sei i frå dersom det er noko du ikkje skjønar, eller er usamd i.

Gje beskjed dersom du ikkje kan møte til avtale.


Praktiske opplysningar:

Barneverntenesta samarbeider med andre hjelpetenestar som t.d: Skule, barnehage, helsetenesta, psykiatritenesta, lege og og ppt.

I enkeltsaker vil eit samarbeid krevje samtykke frå foreldre.

Barn og ungdom skal alltid høyrast i ei barnevernsak.

Alle som har ei bekymring for eit barn eller ein ungdom, kan ta kontakt med barneverntenesta. Det kan skje pr. telefon, skriftleg eller ved oppmøte.
 

Større kart
Tips ein ven Skriv ut