A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Betre dekning på mobildata frå Telenor

Geir Hiim i Telenor informerar at dei no har fått på plass betre dekning for mobildata for fleire områder i Forsand og at utbygginga fortsetter framover:

Telenor logo

-Det er no opna for 4G oppover Espedalen, og i løpet av neste veke er det planlagt ein oppgradering til 4G for Høllesli. Denne oppgraderinga vil dekke delar av Lysefjorden både innover og utover fjorden, og områda langs vegen mot Fossmork, frå Lysefjordbrua til Eiane, og delvis Fossmork. Til sommaren, i juni, er det planlagt opning av 4G også for Songesand. Høllesli skulle eigentleg vært i drift til jul, men måtte dessverre utsettes noko på grunn av uforutsette endringar i uybyggingsarbeidet.

Hiim gjer merksam på at dette er planlagt arbeid - det kan oppstå endringar eller forseinkingar i arbeidet framover.

Ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad seier seg godt nøgd med betre dekning for mobildata:

-Forsand kommune arbeidar saman med tenesteleverandørane for å utbetre dekninga for mobildata og breiband for innbyggjarane i kommunen, så dette er godt nytt frå Telenor. Eg håper at det gode samarbeidet vil fortsette framover, det er framleis områder i kommunen som slit med dårleg dekning for mobildata - både med tanke på næringsliv og ikkje minst turisme er dette viktig å få på plass.

Her kan du sjølv sjekke dekning for mobildata: Dekningskart, Telenor

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett