A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Betre tenester for folk flest - kva treng du?

IKT-Norge har i sommar gjennomført ei undersøking av alle kommunane i Noreg for å kartleggje nivået på dei elektroniske tenestene kommunane tilbyr. Resultatet vart stryk til dei aller fleste - medan Forsand havna nær toppen av lista. Me kan likevel bli betre, og treng innspel frå brukarane.

IKT-Norge - som er ikt-næringa sin interesseorganisasjon - har målt kommunane opp mot København som er kjend for å være langt framme i Norden på elektroniske tenester.

Undersøkinga måler og tenester som ligg utafor kommunane sitt naturlege ansvarsområde, men som mange brukarar trur er tenester ein kan få gjennom kommunen.

Sjå undersøkinga her: Stryk til norske kommunale nettjenester, og klikk på lenka i artikkelen for å sjå dei einskilde resultata. Du finn Forsand kommune på 35. plass.

Nokre av tenestene som Forsand kommune mangla i undersøkinga, er allereie på plass, og fleire kjem.

For at kommunen skal kunne tilby fleire tenester som folk flest treng - og venter å finne - på kommunen sin nettstad, treng me innspel og tips frå brukarane. Dette gjeld og statlege, eller andre eksterne tenester.

Har du forslag er me takksame om du sender oss ein e-post på:

post@forsand.kommune.no

eller ringer oss på:

51 70 00 00

Du finn kommunen sin tenestekatalog om du klikkar på Tenester A-Å og elektroniske skjema under Skjema i menyen øvst på sida.

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett