A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Bli med på IDCP foreldrekurs!

Velkommen til eit kurs der du får dele dine erfaringar og samstundes får påfyll i ei krevjande, utfordrande og fantastiske oppgåve som foreldre.
IDCP er for alle som er foreldre til barn frå 0-12 år.

INFORMASJON OM FORELDREKURSET ICDP

Foreldrerettleiing i gruppe (ICDP) Har du barn mellom 0 - 12 år Er du nyfiken på korleis du kan få eit enda betre forhold til barnet ditt?

  • Er du interessert i korleis du kan støtte og hjelpe barnet ditt til ei best mogleg utvikling?
  • Vil du vite korleis andre foreldre løyser vanlege utfordringar?
  • Har du lyst til å dele tankane og ideane dine med andre?

Kva er ICDP, og kva står bokstavane for?

  • ICDP står for Internasjonal Child Devolopment Program. Det er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har til mål å styrje omsorga og oppveksten for barn og unge.
  • Det er eit heilheitleg program, bygger på humanistisk tradisjon, med fokus på relasjonar og samspel mellom barne og omsorgsgivar.
  • Det er resursorientert og har en medvitande metode i motsetjing til instruktiv.

Målet med programmet er:
Du som forelder er den viktigaste omsorgsgjevaren i barnet sitt liv. Å støtte foreldre i si omsorgsrolle er difor ei viktig oppgåve. Ved at samspelet mellom foreldre og barn blir styrka, vil ein kunne bidra til å hindre utvikling av vanskar på eit seinare tidspunkt i livet. Målet er at du som forelder skal bli tryggare på at du er en god forelder, ved at du blir meir medviten/bevisst på kva du gjer som er bra for ditt barn.

Forsand kommune har tilbod om gruppe kvart år.
ICDP har gruppeleiarar både frå skulen og barnehagen.
ICDP-gruppa møtast ein gong i veka, i 8 veker, og kvart møte varer omlag 1,5 time. I løpet av desse møta vil ein ta opp 8 ulike tema for godt samspel. Det er valfritt om en eller to forelder deltar.

I mars 2017 startar vi gruppe i Forsand barnehage.
Kurset startar opp: ONSDAG 8 mars kl 19.30-21.00
Dato for kveldar er: 8, 15, 22, 29 mars, 5, 19, 26 april og 3 mai.

Frist for å melde seg på er satt til Måndag 13 feburar.
Vil du vite meir?
Brosjyre er lagt ut i barnehagen, skulen, helsestasjon, og kommunehuset og  barnevernstenesta.

Eventuelt ta kontakt med Elizabeth V. Huseby (mobil: 93851154) og Katrin Perchè (mobil: 95888663) på e-post: og evh@forsand.kommune.no og kpe@fprsand.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett