A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Bustønad

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge bukostnader. Det blir stilt enkelte krav til husstanden og til bustaden. Ordninga er behovsprøvd.

KOMMUNAL BUSTØNAD kan søkjast av alle som har bustadadresse i Forsand kommune.

Vurdering av kommunal bustønad tek utgangspunkt i husstanden si samla bruttoinntekt og husstanden sine samla buutgifter.

Søkjarar som har buutgifter som er høgare enn rimeleg buutgift er i utgangspunktet kvalifisert for kommunal bustønad.

Ta kontakt med Nav dersom du ønskjer å søkje kommunal bustønad.

Du kan også søkje bustønad i Husbanken.

Klikk her for å få meir informasjon om Bustønad .

Dette er ei teneste frå Husbanken

 

Kriterier/vilkår

Krav til husstanden:

Husstanden har låge inntekter og høge bukostnader. Studentar og militære er ikkje med i ordninga. Studentar som har eige barn eller som deltar i kvalifiseringsprogram eller attføring, kan få bustønad likevel.

Krav til bustaden:

  • Bustaden må vere godkjent som heilårsbustad
  • Bustaden må vere ein sjølvstendig bustad og ha eigen inngang
  • Bustaden må ha eige bad og toalett og det må vere høve til å kvile og å lage mat

I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå utleigebustader som kommunen disponerer, som bufellesskap og liknande.

Partnere

Bustønad er ei statleg stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunen eller Nav. Dette varierer frå kommune til kommune.

aaa

Serviceerklæring

___

Regelverk

Husbanken/kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Lover

Lov om Husbanken

Forskrifter

Forskrift om bustøtte
___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må sende skriftleg søknad om bustønad. Søknadsskjema kan du få av kommunen eller laste ned frå internett, sjå lenkje under. 

Skjema

Søknad om statleg bustønad

Søknadsfrist

Den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer ca. den 10. i den etterfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden.

Søknaden sendes til

 

Nav Forsand
Kommunehuset

4110 FORSAND

 

Saksbehandling

Kommunen tar imot søknadene, registrerer dei og har den løpande kontakten med deg. Maskinelt blir det henta inn opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel Folkeregisteret, Likningsregisteret og NAV. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.

Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad, men du må melde frå om endringar som har noko å seie for stønadsforholdet. Dersom du flyttar, må du søkje på nytt og gje nye opplysningar.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til bustønadskontoret i kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Hugs alltid å føre opp namn, adresse, fødselsnummer og bustadkommune. Klagen må vere underteikna. Alle klagar blir behandla av Husbanken (ved det respektive regionkontoret), og behandlingstida er ca. tre månader.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Nav/ helse og sosial
Telefon:
81581000
Epost:
sbs@forsand.kommune.no
Besøksadresse:
Kommunehuset 4110 FORSAND

Kontaktpersoner

Navn:
Bente May Froli Stangeland
Tittel:
Rettleiar
Telefon:
51 70 01 28
Epost:
bms@forsand.kommune.no

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-01-31 09:25
Gyldig fra
2010-12-15
Gyldig til
2015-12-18
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett