A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Førehandsrøysting i samband med gjennomføring av rådgjevande folkerøysting vedr. grensejustering frå Forsand kommune til Strand kommune.

Førehandsrøysting gjeld bare for manntalsførte i det omsøkte området. I samband med gjennomføring av rådgjevande folkerøysting vedr. grensejustering er det frå 6. juni mulig å førehandsrøysta.  

Alle veljarar som har røysterett ved eit kommuneval og er manntallsført i det omsøkte området har røysterett ved folkerøystinga. 

 

Ta med legitimasjon med bilde når du skal røysta.

Førehandsrøysting  vil bli gjennomført på kommunehuset v/rådmannskontoret i opningstida frå

kl. 08.00 – 15.00.   Ta kontakt dersom du ikkje har anledning å røysta i opningstida.

 

Brevrøysting:

I samband med rådgjevande folkerøysting kan det nyttast brevrøysting for dei som ikkje har høve til førehandsrøysting eller røysta på dagen for folkerøysting.

 

Du kan enten skrive ut røystesetel som ligg under punktet som omhandler Røystesetel litt lenger ned i artikkelen,  eller du kan lage din eigen røystesetel.  Røystesetel og konvolutt får du tilsendt ved å ta kontakt med Forsand kommune.   

 

Veljaren er sjølv ansvarleg for at røysta kjem fram.

 

Framgangsmåte.

Konvoluttar:
Du treng tre blanke konvoluttar; ein røystesetelkonvolutt til å legge røystesetelen i, ein omslagskonvolutt til å føre på dine opplysningar på, og ein oversendingskonvolutt med adressa til Valstyret i Forsand

Røystesetel:
Du kan enten skrive ut den offisielle setelen eller du kan bruke eit blankt ark og skrive på kva du røyster og at det gjeld Rådgjevande folkerøysting 2018, Grensejustering

Er du positiv til at aktuelt område vist på kartet skal til høyra Strand kommunefrå 01.01.2020 – NEI

Er du positiv til at aktuelt område vist på kartet skal til høyra Strand kommunefrå 01.01.2020 – JA

Slik gjer du:
 

  1. Legg røystesetelen i ein blank konvolutt (røystesetelkonvolutt) og lim igjen.
  2. Legg deretter den blanke konvolutten med røystesetelen inni, i ein ny konvolutt (omslagskonvolutt). Konvolutten skal limast igjen (viktig!).
  3. På omslagskonvolutten skal det førast på følgande opplysningar:
    1. Brevrøyst ved Rådgjevande folkerøysting 2018, Grensejustering  til Valstyret i Forsand kommune
    2. Personalia:
      - Namn og adresse (i Noreg)
      - Fødselsnummer (11 siffer)
    3. Skriv under med namn og dato
  4. Legg omslagskonvolutten i ein oversendingskonvolutt og skriv på adressa til Valstyret:

Valstyret i Forsand kommune
Fossanvegen 380
4110  Forsand

NB! Husk å postlegge røysta di så tidleg som muleg.

Kommunestyrevedtak 32/18 – Søknad om grensejustering frå Forsand kommune til Strand kommune – avgjerd på form for folkehøyring.

Vedtak.

Saksframlegg.

Svar frå Strand kommune vedr. spørsmål om skuleplass.

 

Kart over omsøkt område

Dato for folkerøysting vil ein komma tilbake til.

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett