A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Det fantastiske barnet - to fagkveldar med fokus på barn

Kulturleiar Eva Landre Meling oppmodar alle som dagleg arbeidar tett på barn og unge - offentleg tilsette eller frivillige i lag og organisasjonar - om å sette av tid til to kveldar med spanande fagleg påfyll i barne- og ungdomsarbeidet:

Fagdagane går over to kveldar i k-salen på kommunehuset:
 
onsdag. 24 oktober og torsdag 25. oktober frå kl 18:00 – 21:30

Fagkveldane er for deg som dagleg arbeidar tett på barn og unge i det offentlege eller på fritida i lag- og organisasjonar.

Begge kveldane inneheld spanande case, film og diskusjonar i tverrfaglege grupper slik at me alle kan bli betre på å reflektera rundt kva dette betyr for oss sjølve i ulike rollar.

Onsdag 24. oktober; den første kvelden, er me så heldige å få Leif Arne Helgesen til å halda foredraget «Det fantastiske barnet med sin kompetanse og sin sårbarhet.». Han blir med oss heile kvelden og vil dermed bidra i gruppediskusjonar og kunne svare på spørsmål.

Leif Arne Helgesen er universitetslektor ved Det samfunnsvitenskaplige fakultetet ved Universitet i Stavanger. Han arbeidar for tida med et forskingsprosjekt om psykologiundervisninga i sosialt arbeid og barnevern.

Torsdag 25. oktober, andre og siste kvelden, vil barnevernstenesta i Forsand presentere barnevern generelt, samt gå meir inn i korleis dei jobbar her lokalt.

Enkel servering.

Påmelding innan fredag 19. oktober til elm@forsand.kommune.no

Arr: Den kommunale SLT-gruppa med støtte frå KRÅD
 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett