Ordninga går ut på at legen sender ein elektronisk resept til ein database, slik at apoteket eller bandasjisten kan hente opp resepten når du skal hente medisin eller legemidlar. Du treng altså ikkje å ha resept med deg.
På apoteket seier du at du har e-Resept og oppgjev anten namn og fødselsdato eller personnummer. Du kan og bli bedt om å vise legitimasjon.
Ordninga med e-Resept betyr at du kan gløyme den tradisjonelle resepten - om du vil. Du kan sjølvsagt be om å få ein papirkopi av resepten frå legen for å halde oversikt over eiga medisinbruk.
Kommuneoverlege Anja Ammicht seier at Legetenesta i Forsand håper å ha på plass e-Resept i løpet av kort tid:
-Ordninga med e-Resept kjem til å gje forbetra pasientsikkerheit med omsyn til rett medisinering. I tillegg til å gje pasientane ein enklare kvardag der dei slipp å halde styr på reseptar, vil løysinga og gje enklare administrasjon av reseptar for Legetenesta.
Her kan du lese meir om e-Resept:
.