www.forsand.kommune.no

Eigedomsskatteliste 2019

Publisert: 25. februar 2019 , oppdatert : 28. februar 2019

Det vert vist til vedtak i Forsand kommunestyre sak 108/18. Eigedomsskatt for 2019 vert skriven ut i medhald av eigedomsskattelova §3, første ledd, bokstav c – berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum – og etter overgangsreglane.

Eigedomsskatten vert skriven ut med 7 promille av skatteverdet. Skattelista over utlikna eigedomsskatt for 2019 er lagt ut til ettersyn på Forsand kommunehus og på www.forsand.kommune.no i 3 veker frå 1. mars 2019.

 

Klage på likninga må vera grunngjeven, og sendt til eigedomsskattekontoret innan 6 veker frå utleggsdato om det ikkje har vore klaga på same grunnlag før.

 

Eigedomsskatten forfell til betaling i fire terminar – Forfall 20. mars, 20. juni, 20. sep. og 20. des. d.å. Skatteytar får tilsendt skatteseddel.

 

Sjå tabell her.

 

Forsand kommune

Eigedomsskattekontoret

Fossanvegen 380

4110 Forsand

Tips ein ven Skriv ut