A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Eit lite stykke Forsand i Firenze

Roy Albrigtsen frå Rite Kunst i Rettedal er nyleg kommet hjem frå Biennalen i Firenze der han deltok med eit verk med motiv frå Lysefjorden. Albrigtsen var saman med meir enn 600 andre kunstnarar frå over 70 land invitert til utstillinga av samtidskunst som vert arrangert kvart andre år.
Eit lite stykke Forsand i Firenze
Eit lite stykke Forsand i Firenze
Frank Zappa
Frank Zappa som no heng på ein stovevegg i Paris

Det er ikkje første gong Albrigtsen stiller ut på internasjonale utstillingar - i 2008 deltok han på Grand Palais i Paris med eit bilete av Frank Zappa som vart att der.

Biennalen i Firenze er ein stor og viktig utstilling av europeisk samtidskunst, og Albrigtsen er sjølvsagt glad for å være representert der:

-Me var berre fem kunstnarar frå Norge, så det var ei ære å bli invitert. Og så er det jo Firenze: -heile byen er eit kunstverk i seg sjølve.

Albrigtsen er og glad for støtta frå Forsand kommune som gjorde det mogleg for han å delta i Firenze.

Albrigtsen fortel vidare at kunstnarane i Forsand saman med Forsand kunstlag arbeidar med eit prosjekt dei kaller "På tur med kultur", og håper å få til ei utstilling i næringsbygget i Bergekrossen til påske med motiv frå Forsand.

-Kunst i Bergekrossen er glimrande - gode utstillingslokaler med kafé for dei kunstinteresserte, og framifrå profilering av både Forsand og kunsten!

Her kan du lese meir om verka til Roy Albrigtsen: maleriet.no - og her finn du sida til Rite Kunst: ritekunst.net

Biennalen i Firenze si heimeside finn du her: VIII International Florence Biennale of Contemporary Art 2011



 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett