A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Fallvilt og skada vilt


Kommunane er pliktige å ta vare på sjukt og skada vilt og vilt som blir felt som skadedyr etter eiga løyve.

Skada vilt som må avlivas og vilt som blir felt som skadedyr er viltfondet sin eigedom. Viltfondet kan ordne med utlodning av kjøt som egnar seg som mat.

Observasjon av vilt som er skada eller sjukt meldes umiddelbart til politiet på telefon 02800, til kommunen sit landbrukskontor, eller til eitt av medlemmane i viltnemnda.

Ved akutte situasjoner kan politiet kontaktes på telefon 112.


Viktige opplysningar:

  • •Ein nøyaktig framstilling av kor dyret vart observert. Marker plassen ved vegen med ein plastpose, eit band eller liknande.
  • •Er dyret dødt eller lever det? Om dyret lever, ligg det på bakken eller har det løpt vekk, og i så fall i kva for ein retning?
  • •Oppgi namn, telefonnummer og adresse slik at det er mogleg å kontakte deg i ettertid.

Dødt vilt som ligg på veg eller vegskulder er vegmyndigheitane sitt ansvar. Om du er heilt sikker på at dyret er dødt kan vegmyndighetane kontaktes på telefon 175. Om dyret lever, eller du er i tvil ringer du politiet, landbrukskontoret eller viltnemnda som forklart ovafor.

Sjølvdøde dyr er grunneigar sitt ansvar. Om kadaveret ikkje er til nemneverdig sjenanse eller forureinar omgivnadene kan det få liggje i naturen. Kommunen ved Viltnemnda ynskjer likevel å bli informert om funn for registrering og rapportering. Kommunen har som viltforvaltningsorgan inga allmenn plikt til å ta hand om, grave ned eller registrere dødt vilt.

Vil du avhende døde dyr til Norsk Protein sin hentebil ringer du 481 53 477 for nærare avtale.

Har du spørsmål eller henvendingar om ville katter, rotter, duer eller liknande retter du dei direkte til Mattilsynet på telefon 06040. Ansvar for alle sjuke dyr og dyrevern generelt ligg hjå Mattilsynet og Dyrevernsnemnda.

Finn du sjuk eller død sel kontaktar du Landbrukskontoret på 51 70 01 40 .

Kommunane får ofte henvendingar om vilt som er funnen dødt der personar gjerne vil behalde viltet for preparering. Slikt dødt vilt er Viltfondet sin eigedom (om arten er søknadspliktig),  og prosedyren er at vedkomande søker gjennom ein autorisert preparant til Direktoratet for Naturforvaltning. Søknaden om å få behalde viltet til eiga bruk vurderes då opp mot behov ulike institusjonar måtte ha.
 

Telefon til viltnemnda etter arbeidstid:

Tor Reidar Berge, leiar    938 61 523
Börje Svensson, sekr.     474 65 478


Andre viktige telefonnummer:

Politiet                         02800
Politiet                         112  (KUN AKUTT)
Mattilsynet                  06040
Kadaverbilen             481 53 477
Landbrukskontoret  51 70 01 40
Vegmelding               175
 
 

Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett