Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.
Døme på farleg avfall frå hushald er:
Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall
Kommunen si plikt avgrensar seg til å motta inntil 400 kg totalt per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å motta inntil 500 kg PCB-haldige isolerglassruter per år per avfallseigar.
For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.
Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskrifta kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.