Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din.
Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.
Alle som bur i Noreg.
Du betaler eigendel.
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.
Når du flytter til ein ny kommune, vil du få legevalskjema med tilbod om å velje fastlege i den nye kommunen. Dersom du ikkje aktivt vel ein ny lege i kommunen, beheld du den legen du hadde før flytting. Når du ønskjer å byte fastlege, går du fram på ein av dei følgjande måtane:
Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.
Legetenesta
Forsand legekontor finn du i same bygg som Forsandheimen. Du går inn i helsesenteret på baksida av bygget.
Kor finn eg Forsandheimen? Når du kjem over lysefjordbrua kjører du rett fram til krysset ved Forsand barnehage. Her tar du til høgre. På kaien ser du Coop marked. Forsandheimen ligg rett ovanfor denne. Bak på høgre sida av Forsandheimen ligg legekontoret.
Adresse:
Forsand legekontor
4110 Forsand
Telefon Forsand legekontor: 51 70 03 40
På legekontoret møter du:
Kommuneoverlege Anja Ammicht
Kommunelege Michael Ammicht
Kommunelege Umesh Arachchige Galappaththi
Turnuslege Trond Reidar Strøm
Sjukepleiar Lise Gry Norland
Sjukepleiar Margrethe Vestbø Fjelde
Sjukepleiarvikar Ingrid Tungland, Hege Kalviknes, Synnøve Nag Soppeland og Irene Nordbø.
Dei tilsette ved legekontoret har som mål å gi deg god service.
Når du treng legehjelp:
Legekontoret har telefontid for bestilling av time eller spørsmål om andre forhold på følgjande tidspunkt:
Måndag t.o.m fredag: kl. 8.30 - 12.00 og kl.13.00 - 14.00.
Lege øyeblikkeleg hjelp: 971 92 318.
Det hender iblant at du blir møtt av telefonsvarar, når du ringjer legekontoret. Vent på melding og prøv igjen. Ved akutt behov for lege ringjer du øyeblikkeleg hjelp nummeret.
Andre viktige telefonnummer:
Legevakt: 51 74 70 00
Strand og Forsand legevakt dagleg mellom
kl.15.00 og 8.30, samt på døgnbasis i helger og helligdagar.
Akutt naudhjelp: 113
Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.
Klikk her for å bytte fastlege: Fastlegeordninga
Dette er ei teneste frå HELFO