A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Feiing og branntilsyn med fyringsanlegg

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg minimum kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, er avhengig av oppvarmingssystemet, sotmengda, osb. i bustaden. Tenesta gjeld berre heilårsbustader. Fritidsbustader er unnateke lovpålagd feiing, men kan bli utført etter avtale.

Søknad om fritak frå feiing og tilsyn skal sendast inn skriftleg med erklæring om at ildstad eller pipe fysisk er kopla frå eller ein ikkje har dette instalert.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Kriterier/vilkår

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Pris for tjenesten

Pris for feiing og tilsyn er basert på ein 4 års -avtale og koster 328,- pr. år inkl. mva. Ønsker ein bare tilsyn av brannvarsler, apperat, slanger, rømingsvegar men ikkje har omn eller pipe er prisen 2/3 av prisen. Jamfør vedtak i kommunestyret 15 februar 2012.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Partnere

Forsand deler feiar med Strand og Hjelmeland kommunar. Det er Brann og Fyringssikring AS frå Sandnes som skal utføra feietenesta i kommunen 2012 - 2015.

Brannsjef og ansvarhavande på område er Arild Skappel i Strand kommune.

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Dersom du monterer ny pipe eller eldstad i ein bustad som tidlegare ikkje har hatt det, må det sendast melding til kommunen. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Søknaden sendes til

Forsand kommune
Servicetorget

4110 FORSAND

eller:

post@forsand.kommune.no

 

 

Saksbehandling

Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheiten kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.

Klagemulighet

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Teknisk - administrasjon
Telefon:
51700000
Epost:
post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:
Kommunehuset 4110 FORSAND

Ansvarlig enhet

Avdeling:
Teknisk - administrasjon
Telefon:
51700000
Epost:
post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:
Kommunehuset 4110 FORSAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-03-06 08:50
Gyldig fra
2010-05-04
Gyldig til
2013-05-06
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett