A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Feiing og tilsyn

Rogaland brann og redning har ansvar for feiinga i Forsand frå 2019. Har du spørsmål, ta kontakt på 51502200, eller sjå https://www.rogbr.no/brannvesenet.

 

Tilsyn/feiing på byggverk som fritidsbustader/bustader i Forsand kommune frå  2017.

 

Forsand kommune viser til NY Forskrift om brann førebygging  som tredde i kraft 01.01.2016.

 

Forskrifta finn du på DSB.no med veileder eller på lovdata.no.

 

Anbefaler alle å gå inn og lese kap. 2. førebyggande  plikter for eigar av byggverk §§ 4 – 10 for å informasjon om førebyggande plikter som er gitt i denne forskrift.

 

Definisjonen er endra i regelverket slik «byggverk» som har fyringsanlegg skal vere med i ordninga og fakturerast gebyr for feiing/tilsyn.

Forsand kommune vil ved fakturering av kommunale avgifter i oktober sende ut faktura til alle som er registrert med fritidsbustad eller bustad brukt som fritidsbustad og koier så langt som det har vært mulig å få dette på plass. Fakturaen er på 328,- pr. år. Tilsyn og feiing er delt over 4 år for å komme gjennom alle.

 

I tillegg så er det feiing og tilsyn på bustader med same intervall og same gebyr.

 

For å få fritak for dette gebyret må ein dokumentere/erklære at ein ikkje har pipe eller omn i byggverket. Søknad om fritak kan sendes til Forsand kommune.

 

Feiaren har i desse tider lagt ut lappar til bustader og sendt brev til eigar av fritidsbustader for å få gjort denne tenesta. Ta kontakt med feiaren viss tid ikkje passar slik det står på lappen frå han.

 

Dette er førebyggande arbeid og det er greitt å vite at ein har det på stell. Det er òg lovpålagt kommune å gjennomføre dette arbeidet.

Ved brann kan forsikringsselskap gje avkorting og krevje regress viss ting viser seg å ikkje vere ivaretatt etter regelverket.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett