A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Utbygginga er i gang

Fiber i Forsand

Utbygging av fiber er så smått i gang i Forsand: Entreprenørane til Telenor har starta arbeidet etter ein periode med planlegging og prosjektering:

Breiband
Breiband

Framføring av linje er i gang i Rossavik, og så fortsett det jamt framover etter kvart med dei andre områda – sist ut blir planlagt start av gravearbeid i Songesand i starten av september, sjå planlagt timeplan for oppstart av gravearbeid nedst på sida. Abonnentar i Rossavik ser ut til å bli dei første som får fiber installert – det er planlagt til mai/juni. Det vil ta nokre veker etter at gravearbeidet er starta i kvart einskild område før abonnentane får installert fiber.

Ordførar Bjarte Dagestad er glad for anleggsstarten:

-Dette blir ein ny tid for mange i Forsand.

Grunneigarløyve

I samband med framføring av fiberlinje har fleire grunneigarar blitt kontakta av selskapet REGI AS. Dei er engasjert av Telenor i samband med gravearbeid eller oppføring av koplingsskap, ny stolpe el. på private eigedommar.

Ordførar Bjarte Dagestad oppmodar grunneigarane til å vise velvilje:

-For at utbygginga av fiber skal gå etter planen, er det viktig at anlegget ikkje blir unødig forsinka  – om utbyggar må planlegge alternative framføringar, betyr det gjerne forsinka ferdigstilling og auka kostnad for kommunen, eller i verste fall at nokon av innbyggjarane ikkje får fiber, når den einaste framføringsvegen blir stengd. Utbyggar har og lova å sette grunn og terreng tilbake i opphavleg stand, og elles fare fram så varsamt som råd er, så eg håper at ting ordnar seg – det er i alle sin interesse.

Sal og installasjon – privat og næring


Her finn du kontaktdetaljar om sal, installasjon, eller om du har spørsmål:

Private kundar (send helst e-post):

Thomas Andresen

e-post: thomas@n2g.no

mobil: 480 90 233

 

Stefan McDowell

e-post: stefan@n2g.no

mobil: 486 00 668

 

Før du tar kontakt: ha klar adresse, gårds- og bruksnummer, telefon og e-post adresse du kan kontaktes på.


Bedriftskundar (berre e-post):

fibertilbedriftenmin@telenor.com

 

Framdrift

Førebels framdriftsplan (gravestart):

  • Rossavik: fremføring pågår
  • Helle - Mæle: veke 12/13
  • Nedre Espedal: veke 15
  • Øvre Espedal: veke 17
  • Haukali - Oaland: veke 18
  • Høllesli – Havn: veke 19
  • Vika: veke 20
  • Fossmork: veke 21
  • Eiane: veke 22
  • Kalleli: veke 23
  • Høllesli - Havn: veke 23
  • Lerang – Meling: veke 27
  • Stein – Bergsvik: veke 30
  • Erevik: veke 32
  • Oanes - Levik: veke 34
  • Songesand: veke 36/37

Merk deg at dette er planlagt oppstart – endringar kan komme.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett