A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Fiber til Forsand - forseinka ferdigstilling for nokre områder

Telenor har varsla at det vert noko forseinka levering av fiber til nokre av områda som vert bygd ut:

IT

Bakgrunn for forseinkinga er forlenga prosjekteringsprosess med omsyn til vegval, val av trasear, og framføringsteknologi. Det har og vist seg at nokre av kursane i luft som skal nyttast for framføring var i dårleg stand, kor det var naudsynt med utskifte av stolpar, skoging mv. Andre områder er vanskelege å nå delar av året. Det har og kommet til mange nye tingingar etter at anlegget var ferdig prosjektert, noko som har ført til at ein måtte prosjektere nokre områder på nytt.

Uroa sluttbrukarar i dei grensejusterte områda nord for Lysefjorden har stilt spørsmål ved kor vidt dei framleis er ein del av utbygginga:

Til det er å svare at det er dei, men Forsand kommune er riktig nok i forhandlingar med Strand kommune om kompensasjon i samband med grensejusteringa, det gjeld og fiberutbygging i disse områda.

Planlagt ferdigdato for dei ulike prosjekta:

Framdrift

Område Planlagt ferdig før:
1. Rossavik 09/2019
2. Helle - Mæle 09/2019
3. Nedre Espedal 09/2019
4. Øvre Espedal 09/2019
5. Haukali - Oaland 09/2019
6. Vika 11/2019
7. Eiane 11/2019
8. Fossmork 11/2019
9. Høllesli - Havn 11/2019
10. Oanes - Levik 01/2020
11.Erevik - Indre Skjeivik 01/2020
12. Lerang - Meling - Nordland 12/2019
13. Stein - Bergsvik 12/2019
14. Songesand - Kåsen 01/2020
15. Kallali 11/2019

Her kan du sjå nærare på områda: Kart over områder som vert bygd ut

Her finn du kart over Grensejustert område

Næringslivskundar vert oppmoda til å ta kontakt direkte med Telenor på denne adressa om dei ikkje allereie er kontakta av Telenor med tilbod om oppkopling:

fibertilbedriftenmin@telenor.com

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett