A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Førehandsrøysting startar fredag 05. april 8.00.

Førehandsrøysting startar fredag 05. april 8.00.

Førehandsrøystinga varar til fredag 26. april kl 15.00.

Kom på Kommunehuset, hugs å ta med ID.

Forsand kommunestyre vedtok i møte den 20. februar 2019 følgjande :

“På bakgrunn av dei endra forutsetningane i kommunesamanslåinga mellom Sandnes og Forsand jfr, avgjerd i KMD, vedtek kommunestyret at det skal haldast folkerøysting blant innbyggjarane i Forsand. Røystene frå grensejustert område på nordsida av Lysefjorden skal komme fram som eige valgresultat.Folkerøystinga skal vera på Forsand kommunehus snarast. Røystelokalet skal vera open mellom klokka 09.00 og klokka 20.00. Det skal også vera førehandsrøysting.”

Røystesetel ser slik ut:

Røystesetelen innheld to spørsmål.  Ein vel fritt om ein vil svara på eitt eller begge spørsmåla, men kommunestyret ønskjer at det blir svart på begge .

Valstyret har i møte 21. mars 2019 vedteke retningslinjer for gjennomføring av folkerøystinga.

Mandag 29. april 2019 kl. 09.00 -  20.00 blir det folkerøysting i kommunestyresalen på kommunehuset.

Alle veljarar som har røysterett ved eit kommuneval og er manntalsført i Forsand kommune har røysterett ved folkerøystinga. Utgangspunktet / skjæringsdato for manntalet er 20. februar 2019.

Ta med legitimasjon med bilde når du skal røysta.

Sjå neste side.

 

 

Førehandsrøysting

Førehandsrøysting  på kommunehuset fra fredag 5. april til 26.april 2019  kl. 08.00 – 15.00.

Førehandsrøysting på Forsandheimen torsdag 25. april 2019   frå kl. 10.00 – 12.00.

Ambulerande røysting

Veljarar som på grunn av sjukdom eller er uføre, og som ikkje kan røysta der det blir halde førehandsrøysting, røysting på valdagen, kan etter søknad til valstyret røysta der dei oppheld seg.  Ta kontakt med Forsand kommune 51700000 / post@forsand.kommune.no


Brevstemme

Oppheld du deg i ein annan kommune og ikkje har høve å røysta i Forsand kommune, er det mulig å brevstemme.  Ta kontakt med Forsand kommune tlf. 5170000/post@forsand.kommune.no for å få tilsendt røystemateriell og informasjon om framgangsmåten ved brevstemme.  Det er viktig å sende brevstemmen i god tid slik at den er framme til måndag den 29. april 2019 kl. 15.00.


Framgangsmåte.
Konvoluttar:
Du får tilsendt tre konvoluttar;
1.Brun konvolutt til røystesetel
2.Omslagskonvolutt til å føre på dine opplysningar
3.Oversendingskonvolutt med adresse til Valstyret i Forsand

Slik gjer du:
1. Kryss av og legg røystesetelen i den brune røystesetelkonvolutt og lim igjen.
2. Legg deretter den brune røystesetelkonvolutten inne ein ny konvolutt (omslagskonvolutt) Konvolutten skal limast igjen (viktig)
3. På omslagskonvolutten skal det førast på følgjande opplysningar:
1. Brevrøyst ved Folkerøysting i Forsand kommune 29. april 2019 til Valstyret i Forsand kommune.
2. Personalia:
- Namn og adresse (Forsand kommune)
- Fødselsnummer (11 siffer)
- Skriv under med namn og dato
- Legg ved kopi av legitimasjon

          4.Legg omslagskonvolutten og kopi av legitimasjonen i ein oversendingskonvolutt med adresse
             Forsand Valstyre, Fossanvegen 380, 4110  Forsand.


Du kan og skrive ut røystesetelen sjølv. Hugs då å bruke ein konvolutt til røystesetelen og ein omslagskonvolutt med dine personalia, samt oversendelsekonvolutt.  Sjå framgangsmåte ved brevrøysting.  Viktig å følgje informasjonen.
 
Forsand Valstyre

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett