A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Førehandsrøysting - Stortingsvalet 2017

Førehandsrøystinga startar 10. august 2017

Val
Val

Har du ikkje høve til å røysta på valdagen, kan du i perioden 10. august til 8. september  røysta på følgjande stader:

Forsand kommunehus v/servicetorget:

Kvardagar frå kl. 08.00 – 15.00
Torsdag 31. august  utvida opningstid fram til kl. 19.00
Torsdag 7. september utvida opningstid fram til kl. 19.00

Kraftstasjonen - Forsandheimen:

Onsdag 6. september kl.10.00 – 12.00

Ambulerande røysting:

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførhet ikkje kan røysta på stader som valstyret har vedteke at det skal mottas førehandsrøyster,  eller som ikkje kan kome seg til vallokalet på valdagen den 11. september 2017, kan etter søknad få høve til å førehandsrøysta der dei oppheld seg.

Søknad om ambulerande røysting må seinast vera Forsand Valstyre i hende innan onsdag den 6. september kl. 15.00.

Siste dag du kan førehandsrøysta er fredag 8. september kl. 15.00.

Førehandsrøysting i annan kommune

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Førehandsrøyster du i annan kommune enn der du er innført i manntalet, hugs at røysta di må nå fram til heimstadkommunen di gjennom posten innan kl. 17. dagen etter valet.

Forsand Valstyre

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett