A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Forsand best på openheit i Rogaland

Norsk Presseforbud har gjort ei landsomfattande undersøking av openheit i alle kommunar i landet. Bak undersøkinga låg eit ønske om at norske kommunar skal være opne mot innbyggjarane, media og omverda, slik at alle som vil vite kva som føregår, eller vil påverke avgjerder, har moglegheit til det. Undersøkinga viste at Forsand er best på openheit i Rogaland.
Openheit 2011

Ordførar Ole Tom Guse er glad for det gode resultatet:

-Dette viser at små kommunar kan være like opne som store, sjøl med avgrensa ressursar. Open forvaltning er ei styrke for lokaldemokratiet.

Forsand har til no hatt lukka møter i kontrollutvalet, som var eitt av få punkt kommunen ikkje fekk maksimal poengsum på, men ordføraren vil endre på dette:

-Eg vil allereie i det konstituerande kommunestyremøtet tysdag 5. oktober be om at det nye kontrollutvalet gjer vedtak om å opne møtene i utvalet.

Her kan du lese meir om undersøkinga gjort av Norsk Presseforbund:

Openheit 2011

Openheit 2011 - landsoversikt

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett