A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Forsand Jeger- og Fiskerforening feirar 25 år

Fredag 15. april er det 25 år sidan Forsand Jeger- og Fiskerforening blei stifta. Det vert feira med jubileumsfest i Gildehallen på Landa for alle som sett pris på natur, god mat og enno betre historiar.
Forsand jeger og fiskerforening
 
 


Forsand  Jeger- og Fiskerforening vart stifta som ein direkte følgje av bygdejakta på villrein i Kleggjadalen.
Jegarane trong ei jakthytte, men Kleggjadalshytta var i svært dårleg stand.

Kleggjadalshytta vart opphavleg reist av Thorvald Meyer Heiberg, men Statskog overtok som eigar av både hytta og heia etter krigen.

Om bygda skulle få utbetre og disponere hytta ville Statskog ha ei foreining som leigetakar.

Ein formidabel dugnad vart sett i gang for å gjenreise og utvide hytta til det ho framstår som i dag.

Kleggjadalshytta er ei staseleg jakthytte kledd med granitt som er henta frå røysa bak hytta. Dette er den einaste steinhytta som er att etter Heiberg.

Etter stiftinga har Forsand Jeger- og Fiskerforening stadig utvida arbeidsfeltet, og legg no mellom anna til rette for skytetrening, utdanning av nye jegarar, fisketurar og friluftsliv for born og unge, og freistar i det heile å forvalte naturen i Forsand på best mogleg vis. Forsand Jeger- og Fiskerforening disponenerar i dag fleire jaktvald for hjortevilt og småvilt, laksefiske på Skogabakka, leirduebane på Kvelven og fiskerett i Nilsebuvatn.

Harald Oaland som leiar foreinga, fortel at jubileumsfesten i Gildehallen sjølvsagt er open for alle:

-Berre merk dykk at påmeldingsfristen er sett til 1. april, slik at vår eiga gourmetkokk Arvid Oaland kan berekne kor mykje god saus han skal laga!

Jubileumsfest Forsand Jeger- og Fiskerforening - program

 
 
 
 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett