A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Forsand kommune på Facebook

Forsand kommune har oppretta sin eiga Facebook-side slik at innbyggjarane lettare kan følgje med på nyhende og kunngjeringar frå kommunen.

Det vert hevda at meir enn to millionar nordmenn er på Facebook. Dei som meiner å ha greie på det seier at nordmenn no brukar meir tid på Facebook enn på å lese aviser. Nokre av dei bur sikkert på Forsand.

Klikk på facebook-logoen til høgre for å sjå Forsand kommune sin side.

Målet med ei kommunal Facebook-side er å halde innbyggjarane oppdatert på nyhende, kunngjeringar og arrangement på ein arena svært mange brukar dagleg.

Sida er under arbeid, og alt ikkje er på plass enno.  Forsand kommune håper likevel at brukarane vil nytte ho i høve til oppdateringar frå kommunen si heimeside, og ytringar og kommentarar for øvrig.

Bruk nettvett: Vis atterhald og måtehald i innlegga dine.

For ordens skuld: Dette er ikkje ei side for formelle henvendingar - Forsand kommune vil ikkje drive sakshandsaming på Facebook.

facebook logo

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett