A A A Normal Lo-Fi
Vinter © Perly Berge
Du er her: Framsida

Forsand legekontor informerar:

Forsand legekontor har tilsatt ny kommunelege, Umesh Galappaththi, og utvida lokala på Helsesenteret. Dette betyr at Forsand har fått ei open pasientliste på legekontoret der legekontoret kan ta i mot nye pasientar. Forsand legekontor vil fortsatt være eit legesenter med felles pasientliste.
Lege

Felles pasientliste betyr at pasientar som høyrer til på legane sin pasientliste fortsatt kan velje blant legane på legekontoret, også turnuslege. Det vil likevel være noko forskjell i ventetid mellom legane på grunn av forskjellig kapasitet og ulike arbeidsoppgåver.

Forsand legekontor har som målsetnad å møte pasientane sine ønsker med best mogleg behandling.

Av administrative grunnar vart listelengda mellom legane endra ved tilsetting av ny lege, og NAV flytta då 300 pasientar frå Anja Ammicht sin liste til Umesh Galappaththi.

Som ein følgje av tilsetting av ny kommunelege er Forsand legekontor og utvida med eit nytt venterom og nytt kontor.

Ta kontakt med Forsand legekontor på 51 70 03 40 om du treng meir informasjon.

Med vennleg helsing

Forsand legekontor:

Anja Ammicht, Kommuneoverlege
Michael Ammicht, Kommunelege
Umesh Galappaththi, Kommunelege

Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett