Frå og med 1. januar 2009 er det felles frist for at arbeidsgjevarane skal sende inn oppgåve og oppgjer av forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift. Fristen er den 15. i månaden etter utløpet av kvar av dei seks tomånadsvise terminane (januar/februar - mars/april osb.) Du betalar til bankkontoen for skatt til skatteoppkrevjaren (kemneren/kommunekasseraren).
Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betalinga skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.
Innan 31. januar i året etter inntektsåret skal du sende melding om lønns- og trekkoppgåver.
Arbeidsgjevarar - verksemder
Meir informasjon finn du på heimesida til skatteetaten. Vel arbeidsgjevaravgift under Alt om.
Sjå skattebetalingslova kap. 5, §§ 6-11 og 10-10. Sjå den årlege meldinga til Skattedirektoratet om arbeidsgjevaravgift.