A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Frådeling av eigedom

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn ti år, må du søkje kommunen om løyve.  Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei oppmålingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer). Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen. 

Det er ikkje nødvendig med løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskifte i tråd med ein rettsleg bindande plan.

Målgruppe

Blant andre desse kan be om deling:

  • Grunneigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
  • Den som gjennom retttskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer frådelt
  • Den som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste

Kriterium/vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, eventuelt forslag om å endre reguleringsplan) vere godkjent av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:

  • Det må vere sendt varsel til naboane  
  • Tomtedeling må oppfylle alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Pris for tenesta

Gebyr etter kommunestyrevedtak i 2016.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Direktoratet for byggkvalitet

Samarbeidspartnarar

Oppmålingstenesta blir utført av Forsand kommune

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå særskilt plan- og bygningslova

  • §§ 18-1 og 18-2 (Opparbeidelseskrav)
  • § 20-1 (Tiltak som krever søknad og tillatelse)
  • kap. 21 (Krav til innhold og behandling av søknader)
  • kap 26 (Opprettelse og endring av eiendom)
  • §§ 27-1 - 27-4 (Tilknytning til infrastruktur)
  • § 28-7 (Den ubebygde del av tomta. Fellesareal)

Forvaltningslova, veglova, jord/skoglova og jordskiftelova

Lover

Forvaltningsloven
Matrikkellova
Plan- og bygningsloven
Matrikkellov(lov om eigedomsregistrering)

Forskrifter

Matrikkelforskrift

___

Rettleiing - korleis få utført

Søknaden om deling av eigedom skal vere skriftleg. Du må føre opp korleis du ønskjer at delinga skal utførast. Du må også leggje fram eit forslag til grensegangen som er teikna inn på kart.

Det skal òg ligga med naboliste til søknaden. Gebyr for oppmålingsforretning og delingsvedtak betalast av søkjer før matrikkelbrev(tidlegare målebrev) blir tinglyst og ført i grunnboka.

Alle bruksrettar som er stadbundne som veg, vatn og kloakk må avklarast og leggast fram på oppmålingsforretninga. Krav etter matrikkellova frå 01.01.2010.

Skjema

På linken nedanfor - Kartverket - ligg det ulike skjema blant anna søknad om oppmålingsforretning med veiledning.

Søknadsfrist

Ved ufullstendig søknad eller mangler løper ikkje fristen før dette er utført.

Søknaden sendes til

Forsand kommune
Fossanvegen 380

4110 FORSAND

eller:

post@forsand.kommune.no

 

 

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane.

Sakshandsamingstid er 16 veker ved delingsløyve og oppmålingsforretning.

For saker utan oppmålingsforretning er sakhandsamingstida 6 veker.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Teknisk - administrasjon
Telefon:51700000
Epost:post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:Kommunehuset 4110 FORSAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-01-02 08:55
Gyldig fra2010-05-04
Gyldig til2020-01-10
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett