A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Fritidsklubben

Fritidsklubben held til på kulturhuset. I klubben får barn og unge aktivisera seg med biljard, airhockey, ulike spel og sosialt samvær m.m.

Gjeldane opningstid for våren 2012 er: 

For 8. klasse og oppover : Annonserast fortløpande via Kva Skjer, plakatar og anna.

For 4 - 7. trinn : Kvar torsdag frå 18.00 - 20.00

For 1 - 3. trinn Klubben har per i dag ikkje noko tilbod til denne aldersgruppa.

For å drifta fritidsklubbs torsdagstilbod er me avhengige av at og føresette vil ta nokre vakter. Dette er eit fint høve til å vere med eigne og andre sine barn i kjekk sosial aktivitet.

Kulturseksjonen sett stor pris på dei føresette som dei siste åra har vore utruleg positive og stilt opp. De har gjort ein fantastisk jobb !Sidan mange av dei føresette som har vore veldig aktive her, nå har barn som veks til og blir eldre treng me fleire nye vakter, då spesielt på torsdagar.

Så viss du har barn som går på skulen her mellom 4-7 kl som pleiar å vere i fritidsklubben vil me setta stor pris på om du kunne tenke deg å stille opp.   Tlf til fritidsklubben er 51700222 / 41632007.  Jo fleire som melder seg jo færre vakter blir det på kvar enkelt. Målet er at alle kan ta to vakter i halvåret. Det vil alltid være to personar oppsett på vakt samtidig.

Når du er på vakt er det fri kaffi og forfriskning i kjøleskapet.

Vaktene har følgande oppgåver:

·     Vere tilstades

·     Sette i gang, og sjå til at aktivitetar foregår på ein grei måte

·     Vere gode rollemodellar for dei unge

·     Vere ein å snakke med

·     Sjå til  at det er god stemning blant ungane.

·     Rapporter kort til meg om spesielle hendingar

Foreldre skal ikkje:

·     Være "vakter"

·     Gå inn i konflikter med barn/ungdom. Det som måtte komme av uønska åtferd, rapporteres til fritidsleiar, som handterer dette.

Fritidskontakten si oppgåve ift fritidsklubben:

·     Ha driftsansvar for fritidsklubben og koordinera aktivitetane

·     Innkjøp og oversikt over utstyr

·     Ha kontakt med brukarane, lokale lag/organisasjonar, foreldre/barn/unge

·     tilrettelegga for samarbeid mellom de lokale laga/ tilsynsvakter/vaktordning blant frivillige

Mål for fritidsklubben:

·     Eit spennande og variert tilbod til alle barn og ungdom i skulealder i Forsand.

·     En trygg plass å vere, der ein kan hendvende seg til trygge voksne ved behov.

·     Ein plass kor alle kan møtast til sosial aktivitet.

·     Til ei kvar tid kunne tilby aktivitar som tilfredstiller dei fleste sine behov.

·     Godt samarbeid med lokalt politi, der målet ikkje er å ta nokon, men å oppfordre ungdom i kommunen til sunne gode haldningar spesielt innafor områda trafikk, rus og kriminalitet.

Me tilbyr:

Airhockey, Biljard, Bordtennis, Fotballspill

Div tv spill/dans/bilspill/sang/guitar på prosjektor

Komplett disko anlegg, Div. brettspill

Høve til arrangement

 

Loading map...
Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett