A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Godt besøkt valmøte i Forsand - listetoppane svarte veljarane

Interessa for valet er stor i Forsand, og spørsmåla og meiningane, særleg om Ryfast, er mange. Om lag eitt hundre engasjerte veljarar møtte tysdag kveld i ein fullsatt kommunestyresal på kommunehuset for å høyre kva ordførarkandidatane i Forsand hadde å seie to veker før valet.
Til å hjelpe seg med fylkespolitikken hadde lokalpolitikarane med seg kandidatar til fylkestingsvalet frå sine respektive moderparti.

Frå Forsand stilte ordførar Ole Tom Guse (KrF), Inge Haavard Aarskog (FrP), Kåre Oaland (H), Ingeborg L. Søyland (SP) og Margareth G. Larsen (AP).  Sistnemnde møtte for ordførarkandidat Thore Håland (AP), som for tida oppheld seg i utlandet.

Kandidatane til fylkestingsvalet var Per Kåre Foss (KrF), Terje Halleland (FrP), Ragnvald Nilsen (H), Hilde Gunn Bjelde (AP) og Sofie Margrethe Selvikvåg (SP).

Siv Fossan og Odd William Bøe heldt orden på møtet, med hjelp av ei myndig formaning frå salen då dei mest taletrengte etter kvart ikkje lengre klarte å avgrense ordflaumen.

Fylkespolitikarane presenterte seg først med å snakke pent om Forsand og Ryfylke før dei la fram hovudtrekka i sine program, og kva saker dei såg som viktige for regionen.

Så var det tid for lokalpolitikarane.

Dei tok alle for seg partiprogramma sine, fortalde om sine bedrifter i siste periode, og snakka varmt om kva dei hadde tenkt å gjere i den neste.

Ordførarkandidatane oppmoda tilhøyrarane å lese valprogramma nøye for å finne kjernesakene som måtte oppta veljarane, og kva saker politikarane på sin side ville rette fokus mot, og kjempe for dei neste fire åra.

Ordførarkandidatane var samde om ein ting: Høgsfjordkryssing er fokusområde også etter eit eventuelt vedtak om Ryfast.

Dei mange spørsmåla frå veljarane dreide seg mykje om Ryfast og tunnellen Espedal - Frafjord, men og om utviding av Forsand kyrkje og utvikling av turisme i kommunen - også etter eit mogleg Ryfast-vedtak.

Eldreomsorg, ekspropriasjon av privat eigedom, eit eventuelt sal av Forsand Elverk og kommunesamarbeid var og saker som opptok veljarane.

Og politikarane svarte som best dei kunne.

Ein gjer vel rett i å seie at veljarane i salen ikkje var heilt nøgde med alle svar dei fikk frå fylkespolitikarane på dei mange spørsmåla om Ryfast.
 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett