A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Helse og omsorg - betalingssatsar 2019

Her finn du pris på korttidsopphald, mat, heimehjelp, fotpleie, tryggleiksalarm og vaskeritenester.

G = grunnbeløpet i folketrygda.

Grunnbeløpet (G) er per 1. mai 2018 kr 96 883.

Dagaktivitetstilbod ved Kraftstasjonen, inkludert frokost og middag  - kr 109,-

 

Dagaktivitetstilbod, med transport, ved Kraftstasjonen, inkludert frokost og middag  - kr 186,-

 

Det må søkast om alle tenestane som er opplista.

 

Mat til bebuarar og brukarar
Middag 86 kr
Grøt 35 kr

 

Mat til besøkande og andre(inkl. mva)
Middag 112kr       
Grøt 56 kr
Frokost/ kvelds 33 kr


Korttidsopphald: (fastsett av forskrift, jf. rundskriv frå HOD om vederlag for opphald i institusjon)
Dagopphald 85 kr
Døgnopphald 165 kr

 

Tryggleiksalarm
Pr. månad i leige 225 kr

 

Fotpleie
Pensjonistar/uføre 218 kr
Andre 436 kr

 

Vaskeritenester
Pr. abonnement pr. mnd. 292 kr
Vask av dukar pr. stk. 70 kr

 

Inntekt Timepris Max pr mnd
Betalingssatsar for heimehjelp
Under 1 G Fritatt  
Under 2 G 70 kr 210 kr  *
Under 3 G 72 kr 746 kr
Under 4 G 150 kr 1492 kr
Under 5 G 218 kr 2181 kr
Under 6 G 229 kr 2296 kr
Over 6 G 270 kr 2639 kr

* Er regulert i forskrift FOR-2013-12-12-1448 som maksimalt beløp.

Siste tilgjengelige likning pr. 1. januar i det aktuelle året blir lagt til grunn, med mindre inntekt er vesentleg endra. Om husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag er under 2 G, skal samla vederlag for tenester som er nemnt i §8-1 ikkje være over eit utgiftstak på kroner 210 pr. månad.

Hensikta med maksimal månadspris for heimehjelp er at det ikkje skal påføre dei som treng mykje hjelp ein for stor kostnad. Dei som har meir enn 10 timar pr. månad betalar maksimalpris uavhengig av antal timar.

Fribeløp for berekning av vederlag i institusjon:

Fra 01.01.19 er dette beløpet 8400 kr.

Langtidsopphald, vederlag - sjå "Tenester", "Sjukeheim - langtidsopphald", "Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester".

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett