A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Helsesystertenesta

Forsand helsestajon held til på Helsesenteret som har lokaler i Forsandheimen. Forsand kommune har heil stilling for helsesyster.

Kontaktperson for helsesystertenesta er:

Helsesyster Synnøve Egeland. Ho jobbar både på helsestasjonen og i skulen.

E-post: seg@forsand.kommune.no

Tlf: 488 90 372

 

Dersom helsesyster ikkje er å treffa ta kontakt med Servicetorget:

E-post: post@forsand.kommune.no

Tlf: 51 70 00 00

 

 

Helsestasjon for barn(0-5 år) og foreldre

Forsand helsestasjon held til i underetasjen på Helsesenteret.

Helsestasjonen er open måndag og onsdag 8.00 - 14.00 eller etter avtale.

Tlf: 51 70 03 57

 

Helsestasjonen sine oppgåver

  • Heimebesøk

  • Rettleiing og rådgjeving

  • Sped- og småbarnsundersøking

  • Oppfølging av barn med spesielle behov

  • Vaksinasjon

  • Helseopplysning og foreldrerettleiing individuelt og/eller grupper

  • Sosialt nettverksarbeid

  • Tverrfaglig samarbeid med barnehagen, PPT, sosial, barnever og andre aktuelle samarbeidspartar

Link: program for helsestasjonen

 

 

Skulehelsetenesta

Helsesyster er på Forsand skule på tysdag og fredag 8.00 - 14.00.

Tlf: 51 70 02 04

 

Skulehelsetenesta sine oppgåver

  • «Open dør»; være tilgjengelig for elevar, foreldre og lærarar

  • Helseundersøking av skulebarn på gitte alderstrinn

  • Vaksinasjon

  • Oppfølging av elevar med spesielle behov

  • Helseopplysning, undervisning og rettleiing individuelt og/eller i grupper

  • Tverrfagleg samarbeid med skulen, PPT, sosial, barnevern og andre aktuelle samarbeidspartar

  • Helsesyster er, saman med rektor, inspektør og sosiallærar, fast medlem av læringsmiljøgruppa i skulen som har møte ein gong i veka

  • Miljøretta tiltak, fokus på elevane sitt arbeidsmiljø og samarbeid med FAU

 

Link: program for skulehelsetenesta

 

 

Helsestasjon for ungdom

Forsand kommune har ikkje eit organisert tilbod, men ungdom opp til 20 år kan kontakte helsesyster

Synnøve Egeland for å få ein avtale. Se ovanfor for kontaktinformasjon.

 

Ungdom kan få snakke med helsesyster og ved behov avtala tid for samtale med psykiatrisk

sjukepleiar og/eller lege. Me har teieplikt dersom ikkje anna vert avtalt.

 

Her kan ein snakke om

  • Fysisk helse

  • Psykiske helse

  • Ungdom, samliv, seksualitet, prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar

  • Livsstil og helse

  • Rus; alkohol, narkotika og tobakk

  • Spiseproblem/slanking

  • Mm

 

 

Reisevaksinering

Forsand legekontor har ansvar for reisevaksinering. Ta kontakt med legekontoret på tlf: 51 70 03 40 i god tid før reiser for informasjon/rettleiing og vaksinering.

Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett