A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Helsesystertenesta

Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta er Synnøve Egeland. Ho jobbar på helsestasjonen.

E-post: seg@forsand.kommune.no

Tlf: 488 90 372

Helsesjukepleiar Anne Selsvik jobbar i skulen og på helsestasjon for ungdom.

E-post: ase@forsand.kommune.no

Tlf: 404 30 239

Ta gjerne kontakt med Servicetorget om helsesyster ikkje er å treffa:

E-post: post@forsand.kommune.no

Tlf: 51 70 00 00

 

Helsestasjon for barn (0-5 år) og foreldre

Forsand helsestasjon held til i underetasjen på Helsesenteret.

Helsestasjonen er open måndag 8.30 – 12.00 og onsdag 8.30 - 13.30 eller etter avtale.

Tlf: 51 70 03 57

Ved behov for å bestille/endre time, ta kontakt med helsesekretær Anne Norunn Sørseth Amdal på telefon 907 19 752 måndag til torsdag mellom kl. 8.30-13.00. Gjeld det avbestilling same dag, er det fint om de kontaktar Synnøve Egeland.

Helsestasjonen sine oppgåver

·         Heimebesøk

·         Rettleiing og rådgjeving

·         Sped- og småbarnsundersøking

·         Oppfølging av barn med spesielle behov

·         Vaksinasjon

·         Helseopplysning og foreldrerettleiing individuelt og/eller grupper

·         Sosialt nettverksarbeid

·         Tverrfaglig samarbeid med barnehagen, PPT, sosial, barnevern og andre aktuelle samarbeidspartar

Link: program for helsestasjonen

Skulehelsetenesta

Anne Selsvik er på Forsand skule på måndag og onsdag frå kl. 09.00-15.00 og fredag i partalsveker frå 09.00-15.00. Synnøve Egeland er på skulen ved behov.

Tlf: 404 30 239

Skulehelsetenesta sine oppgåver

·         «Open dør»; være tilgjengelig for elevar, foreldre og lærarar

·         Helseundersøking av skulebarn på gitte alderstrinn

·         Vaksinasjon

·         Oppfølging av elevar med spesielle behov

·         Helseopplysning, undervisning og rettleiing individuelt og/eller i grupper

·         Tverrfagleg samarbeid med skulen, PPT, sosial, barnevern og andre aktuelle samarbeidspartar

·         Helsesjukepleiar er, saman med rektor, inspektør og sosiallærar, fast medlem av læringsmiljøgruppa i skulen som har møte ein gong i veka

·         Miljøretta tiltak, fokus på elevane sitt arbeidsmiljø og samarbeid med FAU

Link: program for skulehelsetenesta

Helsestasjon for ungdom

Forsand kommune tilbyr helsestasjon for ungdom opp til 20 år månadleg, og opningstidene vert annonsert på heimesida til kommunen.

Ungdom kan få snakke med helsesjukepleiar og ved behov avtala tid for samtale med psykiatrisk

sjukepleiar og/eller lege. Me har teieplikt dersom ikkje anna vert avtalt.

Her kan ein snakke om

·         Fysisk helse

·         Psykiske helse

·         Ungdom, samliv, seksualitet, prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar

·         Livsstil og helse

·         Rus; alkohol, narkotika og tobakk

·         Spiseproblem/slanking

 

Reisevaksinering: Forsand legekontor har ansvar for reisevaksinering. Ta kontakt med legekontoret på tlf: 51 70 03 40 i god tid før reiser for informasjon/rettleiing og vaksinering. 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett