Asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester på same måten som alle andre.
Spesiell merksemd og oppfølging skal gjevast til asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte frå område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar eller til dømes
For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.
Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.
Dette er lovpålagde tenester.
Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.