A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Jordmor i Forsand


Jordmortenesta har kontor på Helsesenteret som har lokaler i Forsandheimen.

Forsand kommune har inngått samarbeid med Strand kommune om Jordmortenesta. Kommunen har jordmor i 50% stilling og har vakt- og følgjeteneste i eit samarbeid mellom Forsand, Strand og Hjelmeland.

Jordmor i Forsand er Kari Kjellaug Voster som du treff på:

e-post: kvo@forsand.kommune.no eller tlf.: 404 27 512 (direkte på kontoret 51 74 03 17)

Jordmor har kontordag på tysdagar.

Timebestilling: Ring på mobil, helst på tysdagane.

Det er lovpålagt at alle kommunar skal ha jordmor tilknytta helsestasjonen. Alle gravide skal kunna gå gratis til jordmor i den kommunen dei bur i.

Du som er gravid kan velgja å gå til svangerskapskontroll hjå jordmor og/eller fastlege. Svangerskapsomsorga skal væra meir enn ein medisinsk kontroll av den gravide, den skal også innehalda omsorg og støtte i denne viktige fasen i livet.

Jordmor:

- Samtalar med den gravide (og evt. far) om fosterets utvikling, fødsel, barsel, amming og tida etter heimkomst.
- Tek seg god tid til å samtala om spørsmål du/dykk måtte ha om svangerskapet og den føreståande fødselen.
- Føljer opp med samtale (evt. heimebesøk) og ammerettleiing etter utreise frå sjukehuset.

Når du treng kontakt med jordmor, kan du ringe heile døgnet på mobil 404 27 512, og du kjem då til den jordmora som har vakt.

Følgjetjeneste til fødeavdelinga: Ring mobilnr. 404 27 512 og du blir viderekobla til den jordmora som har vakt.

Loading map...
Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett