A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Nøkternt i Forsand:

Kommunale gebyrar: Forsand blant dei rimelegaste

Ei undersøking av Statistisk sentralbyrå for Huseiernes landsforbund viser at det er store variasjonar mellom kommunane kva gjeld kommunale avgifter: Med utgangspunkt i ein bustad på 120 kvadratmeter har dei rekna seg fram til at du i Sola må betale 6.050 kroner, medan du i Nordre Land må ut med 18.431 kroner. I Forsand, som er blant dei rimelegaste i landet, må du betale 7.526 kroner for same bustad. Det er Nettavisen som meldar dette.

Kroner
Kroner

Huseiernes landsforbund peikar vidare på forskjellar i auken på avgiftene: I undersøkinga frå SSB ser vi at i Ulvik og Jevnaker har satsane auka med over 27 prosent, medan Vågsøy og Skånland har redusert med nærare 20 prosent. Etter SSB sin modell auka avgiftene i Forsand med 1,5 prosent.

Trenden i undersøkinga viser at det gjerne er store kommunar som har dei rimelegaste avgiftene - tala for Forsand viser at dette ikkje alltid er tilfelle.

Vil du sjå heile oversikten kan du lese meir her: Her er gebyrverstingene Nettavisen

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett