Er du statsborgar i eit anna nordisk land har du stemmerett dersom du var registrert i folkeregisteret seinast 30.juni 2011 som busett i Noreg. Dersom du ikkje er statsborgar i eit nordisk land, må du ha vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste 3 åra før valdagen for å ha stemmerett.
Manntalet for Forsand kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 18. juli til 12.september på følgjande stader:
Coop marknad Forsand, Forsand kommunehus v/servicetorget og Forsand Folkebibliotek for
Dersom du nyleg har flytta og melding om flytting ikkje er mottatt innflyttingskommunen sitt folkeregister innan 30. juni 2011, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil stemme på valdagen i den kommunen du flytta frå eller om du vil førehandsrøysta i Forsand kommune. Dette kan gjerast på kommunehuset og biblioteket i tidsrommet 10.august 2011 til fredag 9.september 2011.
Står du ikkje oppført i manntalet, kan du sende skriftleg klage med grunngjeving til valstyret før valdagen. Det blir tilrådd at du gjer dette snarast råd.
Valstyret si adresse :
Forsand Valstyre
Kommunehuset
4110 Forsand Kommune
Valstyret vil behandla klager og rette opp eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk muleg fram til valdagen.
Forsand Valstyre
Ole Tom Guse
ordførar