Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for livsopphaldet ditt sjølv gjennom arbeid eller andre inntektskjelder. Med livsopphald meines naudsynlege gode som mat, husleige, straum og nødvendige klede. Bidrag vil vere den vanlegaste forma for hjelp. Men du kan òg få hjelp som lån eller garanti for lån. Dette vil først og fremst vere aktuelt dersom ein trur at du vil vere i stand til å tilbakebetale lånet.
Klikk her for å komme til Økonomisk sosialhjelp
Dette er ei teneste frå NAV
Vi vil vurdere dei faktiske behova du har. Det kan bli stilt vilkår for hjelpa. Du kan bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd:
NAV/ Helse og sosial
Forsand kommune
4110 FORSAND
Nav-kontoret skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Nav før klagefristen for vedtaket ender.
Søknader blir behandla så raskt som mogleg. Men det kan hende at behandlinga blir forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du skildrar i søknaden. Da må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Dersom Nav lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.